Freden i Brömsebro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freden i Brömsebro den 13. august 1645 avslutta den krigen som hadde gått føre seg frå 1643 mellom Sverige og Danmark-Norge. Krigen fekk namnet Torstensonkrigen. Sverige sigra som ein del av framgangen under Trettiårskrigen.
Fredssamtalane vart hjelpt fram av Frankrike. I januar 1644 vart diplomaten Gaspart Coignet de la Thuillerie send som fredsforhandlar. Den 25. desember dette året lukkast det han å få Sverige og Danmark-Norge til å skriva under ei traktat om at fredssamtalar skulle finna stad i Brömsebro i februar 1645.
Axel Oxenstierna leia forhandlingene på svensk side, medan Corfitz Ulfeldt leia den dansk-norske sida.
Dei svenske krava var langtgåande etter sigrar på slagmarka. Fredsavtala innebar at Danmark-Norge avsto dei gamle norske områda Jämtland og Härjedalen, i tillegg til Gotland og Ösel til Sverige. Sverige fekk i tillegg Halland i 30 år, i tillegg til ei viss tolfridom i Øresund.
[endre] Sjå òg
- Freden i Roskilde
- Brömsebro