Axel Oxenstierna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axel Oxenstierna (16. juni 1583–28. august 1654) var ein svensk greve og statsmann, rekna som Sveriges største statsmann i historia. Oxenstierna blei medlem av riksrådet 1609 og rikskanslar i 1612.
Axel Oxenstierna var son til riksrådet Gustaf Gabrielsson Oxenstierna (1551-97) og Barbro Bielke, og bror til Gabriel Gustafsson Oxenstierna (1587-1640). Han gifta seg med Anna Bååt på Tidø i 1608.
Axel Oxenstierna blir betrakta som skaparen av det svenske Postverket i 1636 og han er den første svenske ikkje-kongen som har fått biletet sitt på eit svensk frimerke - 1936 i samband med Postverkets 300-årsjubileum. Vidare vart han første svenske, ikkje-kongelege person som vart portrettert på ein mynt, ein thalar mynta i Würzburg etter kung Gustav II Adolfs død 1632
Barn
- Kristina Oxenstierna (Axelsdotter) (1609-1631)
- Gustav Oxenstierna (Axelsson) (1609 - 1629)
- Johan Oxenstierna (Axelsson) (1612-1657)
- Birgitta (Brita) Oxenstierna (Axelsdotter) (1613 - 1617)
- Barbro Oxenstierna (Axelsdotter) (1615 - 1617)
- Åke Oxenstierna (Axelsson) (1616 - 1617)
- Katarina (Karin) Oxenstierna (Axelsdotter) (1617 - 1661)
- Erik Oxenstierna (Axelsson) (1624-1656)
- Gabriel Oxenstierna (Axelsson)
- Jakob Oxenstierna (Axelsson)
- Maria Oxenstierna (Axelsdotter)
[endre] Kuriosa
Axel Oxenstierna skal ha sagt til sin son Johan, som før reisa til Münster tvila på evna si til å forhandle for Sverige i freden i Westfalen: An nescis, mi fili, quantila prudentia mundus regatur (Veit du ikkje, son min, med kor lite forstand verden blir styrt).
[endre] Bakgrunnsstoff
- Oxenstiernaprojektet
- Gunnar Wetterberg, Kanslern Axel Oxenstierna i sin tid, del 1-2, Stockholm (Atlantis førlag) 2002 (ISBN 91-7486-602-8 og ISBN 91-7486-603-6).
- Sven A. Nilsson (med bidrag av Margareta Revera), "Oxenstierna, Axel", Svenskt biografiskt lexikon, bd 28, s. 504-524.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Axel Oxenstierna» frå Svensk Wikipedia, den 26. desember 2006.