See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Den finske borgarkrigen - Wikipedia

Den finske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øydelegging i Tampere i samband med borgarkrigen
Øydelegging i Tampere i samband med borgarkrigen
Flygeblad frå øvstkommanderande for dei kvite styrkane, Carl Gustaf Mannerheim: "Til innbyggjarar og troppar i Tammerfors! Motstand er nyttelaus. Heis det kvite flagget og overgje dykk. Det har runne nok blod frå borgarane. Vi drep ikkje fangane våre, slik som dei raude gjer. Send ein representant med kvitt flagg. MANNERHEIM."
Flygeblad frå øvstkommanderande for dei kvite styrkane, Carl Gustaf Mannerheim: "Til innbyggjarar og troppar i Tammerfors! Motstand er nyttelaus. Heis det kvite flagget og overgje dykk. Det har runne nok blod frå borgarane. Vi drep ikkje fangane våre, slik som dei raude gjer. Send ein representant med kvitt flagg. MANNERHEIM."
Militærparade i Vasa i 1918, med tyske styrkar
Militærparade i Vasa i 1918, med tyske styrkar

Den finske borgarkrigen varte frå 28. januar 1918 til 5. mai same året. Fleire tusen fall i krigshandlingane, men enda fleire vart drepne etterpå, gjennom avrettingar og mishandling og svolt i fangeleirane som vart oppretta.

Innhaldsliste

[endre] Opptakt

Finland hadde frå 1809 vore underlagt Russland. I førstninga av 1917 hadde det finske Arbeidarpartiet fleirtal i riksdagen, det finske parlamentet. I juli vedtok det sosialistiske fleirtalet i riksdagen, saman med nokre borgarlege representantar, den såkalla «maktlova», som gav den finske riksdagen all makt over politikken unntatt i utanriks- og forsvarssaker. Den borgarlege regjeringa i Russland under Kerenskij godtok ikkje dette, og svarte med å oppløyse den finske riksdagen. Fleirtalet av dei finske borgarlege godtok dette, og Arbeidarpartiet gjekk også med på det til slutt. Det påtvinga nyvalet gav borgarleg fleirtal.

Bolsjevikrevolusjonen i Russland i november fekk dei borgarlege i Finland til å krevje sjølvstende frå Russland straks. Den borgarlege samlingsregjeringa innleidde eit nært samarbeid med det keisarlege Tyskland for å nå dette målet. Finland vart erklært sjølvstendig 6. desember 1917, og vart anerkjent av bolsjevikane, som lenge hadde gått inn for retten til nasjonalt sjølvstende.

Dei finske sosialistane frykta at dei borgarlege sitt samarbeid med Tyskland hadde andre formål, indre finske formål. Dei meinte at dei borgarlege begynte å førebu seg på å knuse den sterke finske arbeidarrørsla. Den økonomiske og sosiale stoda var svært vanskeleg, og vart stadig forverra. Den finske arbeidarklassen var radikalisert, fagforbunda hadde vakse kraftig og det var oppretta væpna «raude gardar» som i Russland. Tilsvarande «kvite gardar» vart òg skipa.

[endre] Krig

Da desse kvite gardane vart utnemnde til regjeringstroppar den 26. januar 1918 syntest det klart for arbeidarrørsla at den borgarlege regjeringa førebudde seg på å slå dei ned med vald.

Den 27. januar gav kommanderande offiser for den raude garden i Helsinki ordre om at regjeringa skulle arresterast. Den 28. januar begynte dei kvite sin offensiv i Österbotten, samtidig som dei raude tok makta i Helsinki. Den finske borgarkrigen var igang.

Dei raude heldt Sør-Finland, medan dei kvite heldt Nord-Finland. Dei kvite klarte ikkje å sigre ved eiga kraft, trass i at dei var leidde av yrkesoffiserar, og dei tilkalla regulære tyske hærstyrkar som gjekk til åtak i sør den 3. april. Desse styrkane inntok Helsinki 13. april etter at den tyske flåten hadde bombardert byen. Den 5. mai kapitulerte dei siste raude soldatane.

[endre] Den kvite terroren

Den kvite terroren vart grufull. Mange tusen raude vart anten avretta eller svalt i hel i fangeleirar etter kampane var over.

Krigens ofre
Dødsmåte Raude Kvite Andre Til saman
Falne 5 199 3 414 790 9 403
Avretta, myrda, skotne 7 370 1 424 926 9 720
Daude i fangeleir 11 652 4 1 790 13 446
Daude etter at dei slapp ut 607 - 6 613
Forsvunne 1 767 46 380 2 193
Daude på andre måtar 443 291 531 1 265
Alle til saman 27 038 5 179 4 423 36 640
Kjelde:
http://vesta.narc.fi/cgi-bin/db2www/sotasurmaetusivu/stat2

På grunn av krigen døydde det ca. 37 000 menneske [1]. Etter at krigen var slutt vart mange raude avretta, ca. 75 000 raude hamna i fangeleir, og mange av dei døydde av underernæring. Handsaminga av fangane førte til mykje bitterheit. Vinterkrigen, og Väinö Linna sine romanar var sentrale faktorar i å samle Finland til ein nasjon i løpet av den neste generasjonen.

[endre] Perioden etter borgarkrigen

Samanbrotet for det tyske keisarriket eit halvt år seinare førte likevel til at høgrekreftene ikkje fekk det heilt som dei ville i Finland, mellom anna med val av den tyske prinsen Karl Friedrich av Hessen til finsk konge under namnet Väinö 1. Eit nyval kravd av vestmaktene gav makta til dei republikanske sentrumspartia, og mange sosialdemokratar vart òg valde. (Det gamle Arbeidarpartiet hadde no vorte kløyvd i eit sosialdemokratisk og eit kommunistisk parti, og sosialdemokratane fekk stille til val). Det finske Agrarpartiet skjønte at dei mange husmennene i landet måtte få bli sjølvstendige, og det offentlege begynte aktivt å støtte nydyrking for å skaffe jord til dei tidlegare jordlause.

Det skjedde såleis ei gradvis normalisering i finsk politikk utover 1920-åra, jamvel kommunistpartiet fekk stille til val under ulike namn bortsett frå det eigentlege, og fekk ganske stor støtte frå veljarane trass i motarbeiding frå styresmaktene.

Men på 1930-talet skulle den finske høgresida prøve seg igjen, da den såkalla Lapporørsla inspirert av Mussolini og Hitler prøvde å innføre eit fascistisk styresett i landet. Dette lyktest ikkje, men fridomen til arbeidarrørsla vart igjen avgrensa som resultat av presset frå høgresida.


[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Den finske borgarkrigen



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -