Radikal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Å vere radikal betyr eigentleg "å gå til rota" av noko, det vil seie å gå inn for grunnleggjande endringar i tilhøva på eitt eller anna område, kan hende i heile samfunnet, alt etter konteksten.
Ordet blir i vestleg politikk oftast bruka om dei som tilhøyrer venstresida, fordi dei mellom anna vil endre det grunnleggjande tilhøvet ein kallar kapitalisme. Men ordet kan også nyttast om motsett fløy i politikken, da kalla "høgreradikal", det vil seie nokon som vil endre dei samfunnsmessige tilhøva monaleg i motsett retning av det venstresida vil.