Carl Gustaf Mannerheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finlands President | 4. august 1944–8. mars1946 | |
Føregjengar | Risto Ryti | |
Etterfylgjar | Juho Paasikivi | |
Fødd | 4. juni 1867 i Louhisaari i Finland | |
Død | 27. januar 1951 i Lausanne i Sveits | |
Barn | ||
Gravlagd | Hietaniemi gravplass i Helsinki | |
Parti |
Carl Gustaf Emil Mannerheim (4. juni 1867–27. januar 1951) var ein finsk (finlandssvensk) adeleg offiser, politikar og oppdagar. Han vert oftast omtala som Gustaf Mannerheim eller berre Mannerheim. Han var den sjette presidenten i Finland frå 1944 til 1946.
Mannerheim vart fødd i Louhisaari (svensk Villnäs) i Finland, og døydde i Lausanne i Sveits
Mannerheim var i russisk teneste til oktoberrevolusjonen i 1917.
Mannerheim var øvstkommanderande for dei finske regjeringstru (kvite) styrkane under den finske borgarkrigen i 1918, riksforstandar frå 1918 til 1919, feltmarskalk 1933, og finsk øvstkommanderande frå utbrotet av vinterkrigen i 1939. Han vart utnemend til marskalk av Finland i 1942.
Den 4. august 1944 vart han president i Finland. Mange trudde at berre Mannerheim kunne "leia landet til fred" mot slutten av den andre verdskrigen. Den 8. mars 1946 gjekk Mannerheim av som finsk president.
Mannerheim gav navn til den finske forsvarslinja (Mannerheimlinja) under den finske vinterkrigen og Finske framhaldskrigen.
Mannerheim vart vald til Århundrets finlendar i ei stor TV-røysting i Finland som gjekk fram til 6. desember 2004.
[endre] Sjå òg
- Finlands president
- Mannerheimkorset
[endre] Lenkjer ut
Føregjengar: Risto Ryti |
Finlands president |
Etterfylgjar: Juho Paasikivi |