Boggi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boggi er ei nemning på to, eller fleire, hjulpar som er montert på ei arm som er fast opplagra på midten og som i nokre tilfelle har fjøring.
Innhaldsliste |
[endre] Skenegåande kjøretøy
På skenegåande kjøretøy er boggien montert på ei svingar tralle, som gjer det mogeleg med lenge køyrety og mindre svingradius med to boggiar enn med to skilde akslingar. Dessutan aukar lastevna, noko som i ført og fremst er viktig for godstog. Jacohsboggi vert òg nytta i samband med lågbugde godsvogner.
Passasjertog treng ikkje så stor lastevne og det er vanleg å dela ein boggi mellom to vogner. Denne typen boggi vert ofte kalla Jakobsboggi, etter oppfinnaren Wilhelm Jakobs. Denne typen boggi reduserer kostnadane, men gjer det meir omstendeleg å kompla frå/til vognene.
Sporvogner som trikk og metrovogner er vanlegvis utstyrte med boggi. Dette har fleire føremoner, som at kurveradiuses til skenane kan reduserer og jamnare gange. På sporvogner blir ofte motorane monterte i boggiane. Metroen i Paris har boggiar med gummibelagte hjul for å redusera støynivået.
[endre] Lastebilar
Offentlege vegar har grenser for akseltrykket og det er store bøter for å køyra med for stort akseltrykk. Ved å utstyra bilen med boggi vert lasta fordelt på fleire akslar og nyttelasta vert større. Det er difor vanleg med boggi både på trekkvogna og på tilhengaren. Å fordela vekta av vogntoget over ei større flate er òg nyttig for tømmerbilar som sume gongar kryssar frosne vatn på vinteren.
Dei fleste lastebilar med boggi har drift berre på den fremre akselen på biggien. Den bakre boggiakselen kan hevast med hjelp av trykkluft, slik at dekkslitasjen vert mindre ved tomkjøring. Å heva den bakre boggiakselen er òg ein effektiv måte å overføra meir vekt på drivakselen og slik auka framkomstevna på glatt føre. Sjåføren kan heva og senka den bakre boggiakselen under fart, med ein brytar i førarhuset. Dette er eit svært nyttig hjelpemiddel på norske vintervegar og kan spara sjåføren for å legga på kjetting. Det tykkjest vera den finske lastebilprodusenten Vanajan Autotehdas (betre kjent som Sisu) som fyrst innførte lyftbar boggi.
Lastebilar som vert nytta for massetransport innan anleggsområde er ofte utstyrte med drift på begge boggiakslingane. Dette aukar framkomstevna ved kjøring på sleipt og glatt underlag. Slike boggiar har tre differensialar, ein i kvar aksling og ein som fordeler dreiemomentet mellom dei to akslane. I Noreg er òg mange tømmerbilar og langtransportbilar utstyrte med drivboggiar.
Nokre lastebilar, som vert nytta som grusbilar, har òg boggi i staden for enkel framaksel. Det må då vera sving på begge hjulgangane.
[endre] Terrengkøyretøy
Terrenggåande køyretøy, som skogsmaskiner, terrengåande dumperar, er ofte utstyrte med drivboggiar. Nokre har drift berre på den fremre akselen, men mange har drift på begge. For terrengkøreyøy er det òg eit viktig moment at boggien fører til roligare gonge og betre stabilitet. Dette kjem av at når eit hjul går over ei hindring vart kjøretøyet løfta opp berre halvparten så høgt som hindringa. For lassbærande skogsmaskiner, som har høgt tyngdepunkt er dette ein stor føremon. Slike maskiner er difor ofte utstyrte med boggi. Hjula på boggien kan òg ha mindre diameter enn om maskina berre hadde ein enkel aksling, noko som er med på å senka tyngdepunktet og dermed auka stabiliteten.
Militære kjøretøy er òg utstyrte med boggi, både for å betra framkomstevna og for å fordela marktrykket over eit større areal.
[endre] Andre kjøretøy
[endre] Boggitraktor
I 1976 bygde Valmet ein prototypetraktor på 136 [hk], der bakakselen var erstatta av ein boggi med fire drivhjul. [1]. Han hadde den føremoneen at marktrykket var lågare enn på vanlege traktorar, men ulempene med at han var tyngre å manøvrera, tyngre og dyrare førte til at han ikkje vart sett i produksjon.
[endre] Personbilar med boggi
Den norskproduserte bilen Mustad hadde boggi bak.
[endre] Boggitilhengarar
Tilhengarar for tunge lastebilar er som oftast utstyrte med boggi. Nokre har tre, eller fleire, hjulgangar. Svanehalshengarar for transport av anleggsmaskinar og andre tungt gods kan ha mange akslar. Større traktortilhengarar har vanlegvis biggi, både for å auka lastevna, redusera marktrykket og for å få stabilare gang. Nokre Campingvogner og større tilhengarar for personbil er òg utstyrte med boggi. Dette gjev roligare gange, noko som er verdifullt for transport av hestar, bptar osb.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelde
- ↑ Niskanen>, H., Från Munktells till Valtra, Gummerus Kirjapaino OY, 2000.