See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Beltekjøretøy - Wikipedia

Beltekjøretøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fig. 1 Hägglunds Bv206 rammstyrt beltevogn.
Fig. 1 Hägglunds Bv206 rammstyrt beltevogn.

Beltekjøretøy er kjøretøy som vert drivne fram med uendelege belte av stål eller gummi. Dei vert nytta i ulendt terreng, på vår mark og er vanlege på anleggsmaskiner, terrengkjøretøy og militære kjøretøy. Denne artikkelen gjev eit oversyn over forskjellige beltekjøretøy, men går ikkje i detalj om dei ulike kjøretøya.

Ein av dei største føremonane med beltekjøretøy er at dei har svært lågt marktrykk. Dei kan difor nyttast på underlag med dårleg bæreevne, som myr, gjørme og snø. Dei har òg god framkomstevne i ulendt terreng og på laust underlag.

Beltekjøretøy har òg nokre ulemper, som at dei er vanskelegare å manøvra enn kjøretøy med hjul og at farten er låg. Ei anna ulempe er at dei er meir utsett for slitasje enn gummihjul.

Innhaldsliste

[endre] Soge

Fig. 2 Britisk Mark IV frå 1. verdskrig.
Fig. 2 Britisk Mark IV frå 1. verdskrig.

Sjølv om beltrdrivne kjøretøy ikkje slo gjennom før tidleg på 1900-talet vart dei fyrste eksperimenta utførte i fyrste halvdelen av 1800-talet. Engelskmannen Georg Caley dreiv alt i 1825 og eksperimenterte med endelause belte på ei vogn [1]. Han var interressert i å redusera marktrykket slik at vogna kunne nyttast på underlag med dårleg bæreevne. John Heatcoat byggde vidare på denne ideen då han i 1834 bygde ein dampdriven beltetraktor [2]. Belta på denne traktoren var laga av treplater som vart heldt saman av kraftig kanvas. Grunnen til at han var utstyrt med belte var at han skulle nyttast på blaut myr.

I 1888 bygde russaren Friodur Abramovitch Blinov ein dampdriven beltetraktor, med ein sylinder over kvar beltevange [3]. Glover and Chandler bygde òg ein dampdriven beltetraktor i 1888 [4]. I 1900 bygde Lombard Traction Engine Company i Penobscot ein dampdrive beltetraktor, med kraftige belteplater av eik som vart helt saman av kjettingar [5].

I 1904 laga Holt Tractor Company i California ein dampdriven beltetraktor. Belta var laga av stålplater som var hengsla saman og monterte på beltevangar med nedre rullar. Konstruksjonen var svært lik moderne belte. Belta var relativt korte og rakk berre over halvparten av lengda på traktoren, som vart styrt med eit breitt midtmontert framhjul.

I 1905 bygde Hornsby ein beltetraktor med ein 20 hk Hornsby-Akroyd råoljemotor [6]. Denne traktoren hadde stålbelte som var svært like moderne stålbelte. Det var ingea interesse for traktoren i Storbritania, så i 1913 selde dei rettane til Holt Tractor Co. i California, som i 1925 gjekk saman med C. L. Best Gas Traction til Caterpillar. Men då den britiske hæren i 1914 arbeidde med å konstruera ei pansra stridsvogn fekk dei hjelp av Hornsby og i 1915 var den fyrste prototypen klar for testing. Desse vognene, Fig. 2, hadde same type belte som Hornsby hadde nytta i 1905.

[endre] Stålbelte på vangar

Fig. 3 A: drivhjul, L: Løpehjul, F: strammehjul.
Fig. 3 A: drivhjul, L: Løpehjul, F: strammehjul.
Fig. 4 Stålbelte på anleggsmaskin.
Fig. 4 Stålbelte på anleggsmaskin.
Fig. 5 Beltetraktor med sidekran.
Fig. 5 Beltetraktor med sidekran.
Fig. 6 Overrullar.
Fig. 6 Overrullar.
Fig. 7 Belteplater.
Fig. 7 Belteplater.
Fig. 8 Underrullar.
Fig. 8 Underrullar.

Fig. 3 til 8 syner korleis beltevangane for stålbelte er byggd opp. Drivhjulet, merka A i Fig. 3, har grove tenner som går i inngrep med stålbeltet. På undersida vert beltet pressa ned av fleire underrullar, merka L i Fig. 3. I fronten sit eit strammehjul, som vert pressa framover av ei kraftig fjær eller ein hydraulisk sylinder og helt beltet stramt. Det er òg ofte ein eller fleire overrullar, Fig. 6, som hindrar oversida på beltet i å subba ned i vangane.

Belta vert utsette for slitasje når dei går i jord og stein og for å forlenga levetida vert alle delar laga av herda stål. Hjul og rullar er opplagra i tette eingongssmurte lager. Som Fig. 7 syner er belta laga av stålplater som er hengsla saman med boltar. Desse hengslene vert smurte med fett som er innkapsla mellom boltane og foringane. På tross av at alle delane er herda og eingongsmurte er stålbelte utsett for slitasje og bytte av deler representerer ein ikkje ubetydeleg del av vedlikehaldskostnadane.

Denne typen belte tåler store påkjenningar og er motstandsdyktig mot skoten stein. Dei vert difor nytta på anleggsmaskiner, som bulldosarar og gravemaskinar. Militære beltekjøretøy, som stridsvogner og sjølvgåande artilleri nyttar òg denne typen belte. På militære kjøretøy er belta bøygd oppover i begge endar for at kjøretøyet lettare skal kunne ta seg over hindringar. På anleggsmaskiner, som beltetraktoren i Fig. 5, er det viktigare med stor bæreflate og endane av belta er ikkje bøygde oppover.

Kjøretøy med denne typen belte vart tidlegare styrte at drifta til beltet i innersvingen vart kopla frå med ei styrekopling. Ved kjøring i nedoverbakke ville kjøretøyet auka farten på den sida som vart frikopla, så maskina svinga til motsett side av det den gjorde i motbakke og på flatmark. Styrebremser kunne nyttast for å ta skarpe svingar. Moderne maskiner har meir avansert kraftoverføring og maskina svingar til same side både i oppover- og i nedoverbakke.

[endre] Bilar med halvbelte

Fig. 9 Ein Delaunay-Belleville med Kégresse  halvbelte i Petrograd i 1917.
Fig. 9 Ein Delaunay-Belleville med Kégresse halvbelte i Petrograd i 1917.
Fig. 10 Tysk SDKFZ 7 under 2. verdskrig.
Fig. 10 Tysk SDKFZ 7 under 2. verdskrig.

I 1910 konstruerte franskmannen Adolphe Kégresse, som frå 1906 til 1917 arbeidde for tsar Nicolas II i Petrograd, halvbelte for bilar. Desse vart monterte på Delaunay-Belleville, Fig. 9, Mercedes-Benz og Packard medan hav var i Petrograd.

I 1919 starta han eit samarbeide med Citroën og bygde om fleire Citroën-modellar til beltebilar. Saman med Hinstin utvikla han belte med stålribber heldt saman av kraftige gummireimer, som vart kjendte som Kégresse-Hinstin-belte. Denne typen vart nytta på militære kjøretøy, Fig. 10, i fleire europeiske land under 2. verdskrig. Kvaliteten på gummi på denne tida begrensa levetida på belta til 2000 til 6000 km.

[endre] Beltevogner

Fig. 11  Volvo BV 202 bandvogn.
Fig. 11 Volvo BV 202 bandvogn.
Fig. 12 Løypemaskin.
Fig. 12 Løypemaskin.

Beltekjøretøy som vert nytta på mjukt og laust underlag, som terrengkjøretøy, som beltevogner, Fig. 1 og 11, og løypemaskiner, Fig. 12, har ofte stålforsterka gummibelte. Føremonene med gummibelte er både at dei kan tåler mykje større fart og støyar mindre enn stålbelte. Dei er òg meir skånsame mot underlaget.

Mange bandvogner har rammestyring, som dei vist i Fig. 1 og 11, medan andre, som løypemaskina i Fig. 12, vert styrte ved å køyra dei to belta med forskjellig fart. På moderne maskiner med hydrostatisk drift kan dette skje ved å endra på fordelinga av oljestraumen mellom dei to sidene.

[endre] Belte for traktor

Fig. 13 BM Volvo 350 Boxer med halvbelte.
Fig. 13 BM Volvo 350 Boxer med halvbelte.
Fig. 14 Edmund Hillary hadde med denne traktoren (ein Ferguson TE 20) med Bombardier heilbelte på ein sørpolekspedisjon i 1957-1958.
Fig. 14 Edmund Hillary hadde med denne traktoren (ein Ferguson TE 20) med Bombardier heilbelte på ein sørpolekspedisjon i 1957-1958.
Fig. 15 Rammestyrt traktor med gummibelte; Case-IH Quadtrac.
Fig. 15 Rammestyrt traktor med gummibelte; Case-IH Quadtrac.

Halvbelte for traktor, Fig. 13, vart innførte tidleg på 1950-talet [7] og var i bruk til det vart vanleg med firehjulsdrift på traktorar. Det var fyst og fremst skogstraktorar og traktorgravarar som vart utstyrte med halvbelte. I Sverige vart det på 1960-talet utvikla spesialiserte skogsmaskiner bruken av halvbelte på traktor gjekk tilbake. Havbelta hadde glansperioden sin på 1950-talet og 1950-talet ofte vert av og til kalla «halvbeltetiåret». Ein føremon med denne typen belte er at belta kan monterast av når det ikkje er bruk for dei.

Halvbelta vart òg mykje nytta på traktorgravarar, både for å auka framkomstevna og flytevna. Spesielt ved grøfting på myr var dei nyttige. Heilbelte, Fig. 14, auka framkomstevna i høve til halvbelte, men om belta var for lange vart traktoren var vanskeligare å manøvrera. Både halvbelte og heilbelte for traktor vert laga av stål, men i motsetning til beltar på vangar har dei ein open konstruksjon med krumme tverrsprosser. Kjende produsentar var ÖSA i Sverige og Bombardier i Canada.

Traktorar med halvbelte har ein tendens til å gå rett fram og det er naudsynt å nytta styrebremsene. På 1950-talet hadde dei fleste landbrukstraktorane trommelbremser, som ikkje var dimensjonerte for å nyttast kontinuerleg som styrebremser. Dei vart difor ofte fort utslitne. Stoa betra seg noko då det vart vanleg med skivebremser. Då det mot slutten av 1960-talet vart vanleg med firehjulsdrive traktorar gjekk halvbelta ut av bruk.

Dei siste tiåra har gummibelte vorte tekne i bruk på store landbrukstraktorar, for å redusera marktrykket. Gummibelte av god kvalitet er dyrare enn gummihjul, så slike traktorar vert berre nytta der det er naudsynt på grunn av at grunnen har dårleg bæreevne. Nokre av desse traktorane er rammestyrte, Fig. 15 og har motorar med opp til 600 hk.

[endre] Snøskuter

FIg. 16 Snøskuter.
FIg. 16 Snøskuter.

Snøskuter vert drive av eit eller to gummibelte og styrte ved å dreia dei frontmonterte skia, med eit styre som på ein motorsykkel. Dei vert drive av ein to- eller firetakts bensinmotor. Belta på snøskutrrar har støtteskinner i staden for underrullar.

Smøskutrrar vert vert produserte i ulike utførelsar, tilpasse bruksområdet. Før nyttekjøring, som til dømes reindrift, vert er dei ofte utstyrte med to forholdsvis lange belte. Denne typen er laga for å trekkja ein slede med last og har etter måten låg utveksling. Snøskuterar som er laga for høg fart har vanligvis berre eit belte. For kjøring på fjellet vert det nytta lengre belte enn for kjøring etter løyper.

[endre] Beltemotorsykkel

Fig. 17 NSU SdKfz 2 Kettenkrad frå  2. verdskrig
Fig. 17 NSU SdKfz 2 Kettenkrad frå 2. verdskrig

Under 2. verdskrig produserte NSU i Neckarsulm motorsykklar med halvbelte, Fig. 17. Noko av produksjonen føregjekk ved Stoewer-fabrikken i Stettin (no Szczecin i Polen). Desse vart nytta for å legga kommunikasjonskabel og for å trekkja lette kanonar og anna utstyr. Etter krigen vart dei produserte for å nyttast innan landbruk.

[endre] Stridsvogner

Fig. 18 Norske Leopard 1 stridsvogner på øving.
Fig. 18 Norske Leopard 1 stridsvogner på øving.
Fig. 19 Sjølvgåande armert rampe frå 2. verdskrig.
Fig. 19 Sjølvgåande armert rampe frå 2. verdskrig.

Heilt sidan Storbritania bygde dei fyrste beltedrivne stridsvognene under 1. verdskrig, Fig. 2, har beltedrift vore nytta på stridsvogner. Belta fungerer både på veg og i terrenget, sommar som vinter. I land med lange vintrar, som Noreg, er fører beltedrifta til god framkomligheit, Fig. 18. Mykje anna militært utstyr er òg beltegåande, som sjølvgåande feltartelleri, bergingsvogner, osb. Fig. 19 syner ein beltegåande pansra rampe frå 2. verdskrig, Fleire slike ramper vart sett saman for å laga bruer provisoriske bruer over til dømes elver.

[endre] Kjelder

  1. Leffingwell, R., Caterpillar farm crawlers and bulldozers, MDI Publishing Company, 1994.
  2. Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970.
  3. Dupouy, A., Les tracturs et engines speciaux chenilles sovietiques, Bind I: Les tracteurs agricoles et industriales, Alain Dupouy, 1986.
  4. The Forest History Society. (vitja 28/3-2008)
  5. Amato, R.V. og Heimburger, D.J., Classical vintage crawlers & dozers, Vol 1, Heimburger House Publishing Company, 2003.
  6. Hooley, R., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages, Ruston company history.
  7. Östberg, M., En smedjas förvandling - ÖSAs historia, FMG ÖSA AB, 1990.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -