Skogsmaskin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skogsmaskin er ei maskin som vert nytta for å driva fram tømmer eller for å legge til rette for og å planta skog. Nokre skogsmaskiner utfører berre ein arbeidsoperasjon, medan andre er kombimaskinar som utfører mange operasjonar.
Mykje av utviklinga innan skogsmaskiner vart utført i Sverige, Finland, Canada og USA. I Sverige, men òg i Finland, er det vanleg å fella, kvista og kappa tømmeret og deretter køyra det fram til skogsbilveg med lassbærande maskiner (sv: skotare). I Nord-Amerika er det vanleg å nytta spesialbygde lunnetraktor for å dra ut høveleg store lass med heiltømmer etter toppen.
I Noreg førte det ulendte terrenget og eigarstrukturen, med mange små skogseigarar og små teigar, til at mekaniseringa av skogbruket kom seinare i gang og utvikla seg noko annleis enn i Sverige og Finland. For dei små eigarane var det ikkje økonomisk å kjøpa spesialiserte skogsmaskiner, så det vart til at landbrukstraktorar vart utstyrte med skogsutstyr. Det ulendte terrenget førte til at det var naudsynt å nytta vinsj eller kabelbane for å få fram tømmeret. Medan svenskane bygde skogsbilvegar var skogsvegar for traktor det vanlegaste i Noreg. Tømmeret vert ofte felt og kvista med motorsag og ført fram til bilveg som ukappa virke med traktor. Med unnatak av storleiken på maskinene, minte driftsforma difor meir om den i nordamerikanske enn den svensk/finske driftsforma. Men skogsmaskinene har i dei seinaste tiåra vorte meir vanlege i Noreg, særleg i dei flate skogsområda på austlandet.
- Motorsag
- Fellar
- Kvistar
- Fellar-kvistar
- Lunningstraktor
- Lastetraktor
- Vinsj
- Kabelkran
- Plantemaskin