See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kjetting - Wikipedia

Kjetting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjetting
Kjetting
Ankerkjetting.
Ankerkjetting.

Kjetting er ei fleksibel kjede av ovale metallringar som går gjennom kvarandre. Det finst mange ulike utførelsar av kjetting, frå tynne kjettinglenkjer som fester toppa i ein vask til tjukke ankerkjettingar på skip.

Innhaldsliste

[endre] Soge

Kjettinga stammar frå bronsjealderen, då tynne kjettingar vart nytta til smykkekjdee. Grekarane var òg opptekne av kjetting [1] og i skissene til Leonardo da Vinci førekjem kjettingar ofte. Ringbrynjene få mellomalderen kan sjåast på ein ein slags todimensjonal kjetting. I 1634 fekk engelskmannen P. White innvilga eit patent på ein ankerkjetting av jarn. I tida før ståltau vart produsert industriellt vart kjetting nytta i kraner, gravemaskiner, o.l. Nokre typar kjetting vert kalla kjede, som til dømes urkjede og halskjede.

[endre] Nokre bruksområde

Snøkjetting på personbil.
Snøkjetting på personbil.
Kjetting som sykkellås.
Kjetting som sykkellås.
  • Ankerkjetting vert nytts til å festa ankeret på skip og oljeplattformer. Kjetting er både sterk og fleksibel og høver godt til dette føremålet. Han er dessutan robust og tek ikkje så lett skade om han vert degen over skarpe kantar på stein eller andre undersjøiske gjenstandar.
  • Kjetting vert nytta for jøla tømmer og anna last på lastebilar. I dag vert det òg i stor grad nytta fleksible band for å sikra last, med desse er ikkje så robuste mot skade som kjetting.
  • I skogbruket vert det nytta ståltau på vinsjar og kabelkraner, men for å festa tømmeret til ståltauet vert det nytta kjetting. Ståltau tek lett skade når det vart bøygd for skarpt og drege over stein og grus, men kjetting er robust nok til å tåla like påkjenningar.
  • Hjulkjetting vert nytta utanpå gummidekk for å auka veggrepet eller for å beskytta dekka. Tidlegare var det vanleg å nytta kjetting på peronbilar på vinterføre, men i dag vert dette uvanleg i Noreg. I nokre land, som til dømes Frankrike, vert det ikkje nytta vinterdekk og det er påbod om å nytta snøkjetting når det er snøføre. I det franske Alpane gjennomfører politiet av og til kontrollar av dette påbodet. På lastebilar er det framleis vanleg å nytta kjetting i bratte stigningar. Men ved stor fart slit kjettingen på dekka, så dei vert berre nytta når det er naudsynt for å koma opp bratte bakkar. På traktorar er det vanleg å nytta kjetting på vinteren, spesielt når traktoren vert nytta til tømmerkjøring, brøyting, o.l. På skogsmaskinar er vert det ofte nytta kjetting på nokre eller alle hjula på vinterføre, men òg på sumaren om det er bratt og sleipt. På anleggsmaskiner, som hjullastarar nyttar ein ofte kjetting for å beskytta dekka mot skarp skotenstein.

[endre] Kjelder

  1. von Byzanz, P., Μηχανικὴ Σύνταξις (mekaniske lover).

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -