Vosges
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Vosges er òg det franske namnet på fjellkjeda Vogesane
Vosges | |
---|---|
Våpenskjoldet til Vosges | |
Plassering | |
[[Fil:|Plasseringa til Vosges i Frankrike]] | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 88 |
Region: | Lorraine |
Préfecture: | Épinal |
Sous-préfectures: | Neufchâteau Saint-Dié-des-Vosges |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 31 |
Kommunar: | 515 |
Président du conseil général: | Christian Poncelet |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 60. |
-1999 | 380 952 |
Folketettleik: | 65/km² |
Landareal¹: | 5 874 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Vosges (tysk Vogesen) er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter fjellkjeda Vogesane (Vosges på fransk).
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Vosges er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Lorraine.
I 1793 vart det sjølvstendige fyrstedømet Salm (byen Senones og omgivnadane rundt), som var omgjeve av Vosges, annektert av Frankrike og vart ein del av Vosges. I 1795 vart området Schirmeck tatt frå departementet Bas-Rhin og lagt til Vosges. Vosges hadde no eit areal på 6 127 km², som det hadde fram til 1871.
I 1793 var Vosges åstad for eit stort slag mellom dei revolusjonere styrkane i Frankrike og den allierte koalisjonen. Slaget vart kjend som Slaget i Vosges.
Place des Vosges i Paris fekk dette namnet i 1799 fordi departementet vart det først til å betale dei nye revolusjonære skattane.
Etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen i 1870-1871 vart 4 % av dei nordaustlegaste områda av Vosges ein del av Tyskland etter Traktaten i Frankfurt. Dette var den tysktalande delen av Vosges. Områda som vart annektert tilsvarar kantonane Schirmeck og Saales. Schirmeck og Saales hadde tidlegare vore ein del av Alsace. Desse områda, i lag med resten av Alsace og dei annekterte områda av Lorraine, vart ein del av Reichsland av Alsace-Lorraine. Arealet av Vosges vart dermed redusert til 5 874 km².
I 1919, etter den første verdskrigen, vart Alsace-Lorraine gjeve tilbake til Frankrike av Tyskland, som følgje av Versaillestraktaten. Schirmeck og Saales vart derimot ein del av departementet Bas-Rhin.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grenser til departementa Meuse, Meurthe-et-Moselle, Bas-Rhin, Haut-Rhin Territoire de Belfort, Haute-Saône og Haute-Marne.
Dei største byane er Épinal, Neufchâteau og Saint-Dié-des-Vosges.
Medan dei vestlege delane av Vosges er eit flatt sedimentærland (med gode mineralkjelder), er dei austlege delane kupert. Her ligg òg den høgast fjelltoppen, Grand Ballon på 1 424 m.
Elva Saône har sitt utspring i Vioménil i Vosges.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla vosgiens.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Økonomisk informasjon om Vosges
- Vosges-et-vacances.com
- Vosges.us