Hauts-de-Seine
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hauts-de-Seine | |
---|---|
Våpenskjoldet til Hauts-de-Seine | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 92 |
Region: | Île-de-France |
Préfecture: | Nanterre |
Sous-préfectures: | Antony Boulogne-Billancourt |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 45 |
Kommunar: | 36 |
Président du conseil général: | Nicolas Sarkozy |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 6. |
-2005 | 1 516 650 |
Folketettleik: | 8 617/km² |
Landareal¹: | 176 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Hauts-de-Seine er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike like vest for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Seinen. Det er eit lite og tett folkesett departementet med moderne kontor, teater og det store kjøpesenteret La Défense med Grande Arche.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hauts-de-Seine var oppretta i 1968 frå delar av dei tidlegare departementa Seine og Seine-et-Oise.
I 1990-åra og tidleg på 2000-talet kom Hauts-de-Seine i det nasjonale søkelyset då det vart rulla opp ein korrupsjonsskandale der offentlege midlar vart nytta for departementet sine boligprosjekt.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Val-de-Marne og Seine-Saint-Denis er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Hauts-de-Seine grenser til departementa Val-de-Marne, Yvelines, Val-d'Oise, Essonne, Seine-Saint-Denis og Paris.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Altoséquanais.
[endre] Økonomi
Hauts-de-Seine er Frankrike sitt nest rikaste departement etter Paris, og eit av dei rikaste områda i Europa. BNP per innbyggjar var € 62 374 i 2003 (om lag 500 000 kroner).