Corse-du-Sud
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corse-du-Sud | |
---|---|
Våpenskjoldet til Corse-du-Sud | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 2A |
Region: | Korsika |
Préfecture: | Ajaccio |
Sous-préfectures: | Sartène |
Arrondissement: | 2 |
Kantonar: | 22 |
Kommunar: | 124 |
Président du conseil général: | Jean-Jacques Panunzi |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 99. |
-1999 | 118 593 |
Folketettleik: | 30/km² |
Landareal¹: | 4 014 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Corse-du-Sud er eit departementet på den sørlege halvdelen av Korsika i Frankrike.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Departementet vart oppretta 15. september 1975, då departementet Korsika vart delt inn i Haute-Corse og Corse-du-Sud. Grensene samsvarar med det tidlegare departementet Liamone, som eksisterte frå 1793 til 1811.
[endre] Geografi
Departementet er omringa på tre sider av Middelhavet og i nord grenser det til departementet Haute-Corse.
Heile øya Korsika er kledd med fjell.
[endre] Kultur
Koriskanarar er eit svært sjølvstendig folk. Ein folkeavstemming i 2003 der ein kunne stemme for auka sjølvstende vart derimot stemd ned med svært lite margin, 50,98 % mot 49,02 %. Dete var eit stort tilbakeskritt for den dåverande franske innanriksministeren Nicolas Sarkozy, som hadde håpa og bruke Korsika som eit første steg for desentraliseringspolitikken sin.
[endre] Turisme
Sør-Korsika har eit varmt klima, som andre middelhavsøyar, og trekk derfor til seg mange turistar. Praktstykket er byen Bonifacio, som delvis er bygd på ei høg klippe. Dei indre fjellområda er òg svært vakre, særleg Aiguilles de Bavella, eit bart og nålliknande berg.