Aveyron
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå elva Aveyron
Aveyron | |
---|---|
Våpenskjoldet til Aveyron | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 12 |
Region: | Midi-Pyrénées |
Préfecture: | Rodez |
Sous-préfectures: | Millau Villefranche-de-Rouergue |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 46 |
Kommunar: | 304 |
Président du conseil général: | Jean Puech |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 78. |
-1999 | 263 808 |
Folketettleik: | 30/km² |
Landareal¹: | 8 735 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Aveyron (oksitansk Avairon) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées og er kalla opp etter elva med same namn.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Aveyron er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Dei første kjende busetnadane i området var stamma Rutenii, men området var busett lenge før dette og har mange førhistoriske ruinar.
[endre] Geografi
Departementet er ein del av regionen Midi-Pyrénées, og grensar til departementa Tarn, Tarn-et-Garonne, Lot, Hérault, Gard, Lozère og Cantal.
Det høgaste punktet i departementet er toppen Mailhebuau på 1 469 m.
[endre] Demografi
Innbyggjarar i departementet vert kalla aveyronnais. Innbyggjarane i Rodez vert kalla ruthénois, som er basert på dei første romerske busetnadane, rutenii.
[endre] Turisme
Aveyron inneheld ein del av Parc National des Cévennes. To kjende turistattraksjonar er slottet i Najac, mellomalderruinar som ligg på ein høg klippe, og klosteret Loc-Dieu, som ligg nær Martiel i eit område med mange [[steindysse]r. Den litle byen Millau ligg ved den høgaste brua i verda, Viaduc de Millau. Alt før opninga av viadukten av President Chirac 14. desember 2004 har dette spesielle byggverket vore ein turistattraksjon. Viadukten kryssar heile Tarndalen.
I kommunen Saint Léons (sjå [1]) ikkje langt frå Millau ligg "insektbyen" Micropolis.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Prefekturet si nettside
- Offisiell side
- planet-aveyron.com
- Reiseguide for Aveyron
- aveyron.com
- Området Segala
- Turistinformasjon
- Tempelherrelandsbyen La Couvertoirade