Alsace
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alsace | |
Fakta | |
Hovudstad | Strasbourg |
Regionspresident | Adrien Zeller |
Flatevidd | 8 283 km² |
Folketal | 1 817 000 (2006) Rangering 14 |
Folketettleik | 217 innb./km² |
Arrondissement | 13 |
Kantonar | 75 |
Kommunar | 903 |
Geografi | |
Alsace (tysk Elsass) er ein region aust i Frankrike, med grenser til Sveits og Tyskland. Medan området var del av Det tysk-romerske riket blei det innlemma i Frankrike på 1600-talet. Som Lorraine har han skifta hand mellom Frankrike og Tyskland fleire gonger. Tysk språk og kultur står fortsatt sterkt i regionen. Rhinen er grenseelv, og den største byen er Strasbourg. Regionen inneheld av departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin.
Med eit areal på 8 283 km² er regionen den minste i den europeiske delen av Frankrike, og ligg mellom Rhinen i aust og fjella Vogesane i vest. I tillegg til Tyskland og Sveits grenser regionen til Franche-Comté i sør og Lorraine i vest.
Regionen inneheld mange skogar, hovudsakleg i Vogesane og i Bas-Rhin. Det høgaste punktet i regionen er Ballon de Guebwiller i Haut-Rhin med ei høgd på 1 426 m. Alsace har eit delvis kontintalklima med kalde og tørre vintrar, og varme somrar. Regionen får lite nedbør sidan han ligg i regnskuggen til Vogesane, og på grunn av den same fjellkjeda har byen Colmar eit solrikt mikroklima og er den nest tørraste byen i Frankrike med ein årleg middelnedbør på berre 550 mm. Dette gjer området ideelt for vinen som vert dyrka her.
[endre] Byar
- Colmar
- Haguenau
- Molsheim
- Mulhouse
- Ribeauvillé
- Saint Louis
- Saverne
- Selestat
- Strasbourg
- Thann
- Wissembourg