Valle d'Aosta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser plasseringa til Valle d'Aosta i Italia | |
Hovudstad | Aosta |
---|---|
President | Luciano Caveri (Valdotanian Union) |
Provinsar | 0 |
Kommunar | 74 |
Areal | 3 263 km² |
- Rangering | 20. (1,1 %) |
Folketal (2006 est.) | |
- Totalt | 123 978 |
- Rangering | 20. (0,2 %) |
- Tettleik | 38/km² |
Heimeside | www.regione.vda.it |
Valle d'Aosta (òg kalla Aostadalen på norsk, fransk Vallée-d'Aoste eller Val-d'Aoste, frankoprovensalsk: Val d'Outa) er ein fjellregion nordvest i Italia. Det grenser til Frankrike i vest, Sveits i nord og regionen Piemonte i sør og aust.
Med eit areal på 3 263 km² og om lag 120 000 innbyggjarar er han den minste og minst folkesette regionen i Italia. Det er den einaste regionen i Italia som ikkje er inndelt i provinsar (dei vart oppløyst i 1945) og er delt inn i 74 kommunar.
Nokre kommunar, som ligg i dalbotnane, er fransktalande. Regionshovudstaden er Aosta.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Aostadalen er ein dal i Alpane som har sidedalar som går opp til Mont Blanc, det høgaste fjellet i regionen, Italia, Frankrike og Alpane (og Europa om ein ser bort frå Kaukasus) og Matterhorn.
[endre] Historie
Dei første innbyggjarane i Aostadalen var keltarar og ligurarar. Den romerske republikken erobra regionen frå dei lokale salassarane om lag år 25 fvt. og grunnla Augusta Praetoria (Aosta) for å sikre strategiske fjellovergangar, som dei utbetra med bruer og vegar. Etter Romarriket sitt fall klarte den høgtliggande dalen og stort sett halde sjølvstyre, særleg sidan området meir eller mindre var isolert om vinteren, men dei vart likevel delvis styrt av gotarar og langobardar i periodar, så av burgundiske kongar på 400-talet, etterfulgt av frankarar som tok over det burgundiske kongedømet i 534. Då kongedømet deira vart delt av Karl den store i 870 danna Aostadalen ein del av Kongedømet Lotharingia i Italia. Eit tiår seinare vart dette vidare delt opp og Aostadalen vart ein del av Kongedømet Øvre Burgund, som vart slått saman med Kongedømet Arles — utan at noko av dette hadde stor innverknad på livet i Valle d'Aosta.
I 1031-1032 fekk Umberto Biancamano, grunnleggjaren av Huset Savoie, tittelen greve av Aosta av keisar Konrad II av den frankiske linja og bygde seg sjølv ein festning ved Bard. Region vart delt mellom solide borger og i 1191 såg Thomas I av Savoio det nødvendig å gje kommunane ein Carta delle Franchigie («Fridomspriviliegium») som tok vare på sjølvstende deira og rettane vart strengt forsvart fram til 1770, då dei vart oppheva for å knyte Aosta nærare Piemonte. Rettane vart deriomt gjeve tilbake etter napoelonstida. På midten av 1200-talet gjorde Keisar Fredrik II Grevskapet Aosta om til eit hertugdøme, og hæren deira bar ei oppreist løve i Savoiehæren fram til samlinga av Italia i 1870. I mellomalderen var regionen sterkt føydal og borgene, som Challant-familien si i Gressoneydalen, pregar framleis landskapet. På 1100- og 1200-talet vart det tysktalande samfunnet Walser oppretta i Gressoney, og nokre kommunar har framleis ein Walseridentitet i dag.
Regionen vart verande ein del av Savoie, bortsett frå ein periode med fransk okkupasjon frå 1539 til 1563. Som ein del av Kongedømet Sardinia vart det ein del av Kongedømet Italia i 1861.
Under Mussolini regionen «italianisert» og folk vart flytta til Piemonte og italiensktalande arbeidarar til Aosta. Dette flytta region mot separatisme og Aosta fekk sjølvstyre i 1948.
[endre] Bakgrunnsstoff
- [http:// Regione Autonoma Valle d'Aosta / Région Autonome Vallée-d'Aoste]
- Map of Valle d'Aosta
- "Particularism": autonomy in the Valle d'Aosta
- VMV Aosta Valley virtual museum
- Guide to the La Thuile Ski Resort
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Aosta Valley frå Engelsk Wikipedia .
|