Regionar i Italia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionar i Italia er den øvste administrative inndelinga av landet. Italia fekk ein grad av regionalt sjølvstyre etter grunnlova frå 1948, som seier at grunnlova si rolle er å anerkjenne, verne og fremme lokalt sjølvstyre slik at tenestane på statsnivå skal vere så desentraliserte som mogeleg, og tilpasse lovene og prinsippa som oppretter sjølvstyre og desentralisering.
Fem regionar (Friuli-Venezia Giulia, Sardinia, Sicilia, Trentino-Alto Adige og Aostadalen) har derimot fått ein spesiellt sjølvstyrt status der dei kan opprette sine eigne lover på enkelte lokale område, basert på kultur, geografisk plassering og nærværet av etniske minoritetar. Dei andre 15 vanlege regionane vart først effektivt oppretta tidleg i 1970-åra.
Kvar region har eit innvald regionsstyre og ein Giunta Regionale (hovudstyre) som vert leia av ein direkte vald president. Giunta er avhengig av regionsstyret og må gå av om det ikkje eer har tillit.
Regionane fungerte hovudsakleg for å desentralisere drifta av staten. Ein konstitusjonell reform i 2001 gav regionane utvida fullmakter, særleg som lovgjevande makt og det meste av statsdriften vart avskaffa.
I 2005 la Silvio Berlusconi-regjeringa fram eit forslag om ein stor reform av grunnlova der regionane ville få mykje større makt på område som helse og utdanning. I juni 2006 vart forslaget avslått etter ei folkeavstemming med 61,7 % mot 38,3 % stemmer.
Provins- og kommunestyrene følgjer liknande prinsipp. Styrene og giunte vert styrat av provinspresidentar og borgarmeistarar.
Region | Hovudstad |
---|---|
1. Abruzzo (tidlegare Nord-Abruzzi) | L'Aquila |
2. Aostadalen (Valle d'Aosta / Vallée d'Aoste) | Aosta (Aoste) |
3. Puglia (stundom Puglie) | Bari |
4. Basilicata | Potenza |
5. Calabria | Catanzaro |
6. Campania | Napoli |
7. Emilia-Romagna | Bologna |
8. Friuli-Venezia Giulia | Trieste |
9. Lazio (Latium) | Roma |
10. Liguria | Genova |
11. Lombardia | Milano |
12. Marche | Ancona |
13. Molise (tidlegare Sør-Abruzzi) | Campobasso |
14. Piemonte | Torino |
15. Sardinia (Sardegna) | Cagliari |
16. Sicilia | Palermo |
17. Trentino-Alto Adige | Trento |
18. Toscana | Firenze |
19. Umbria | Perugia |
20. Veneto | Venezia |
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Regions of Italy frå Engelsk Wikipedia .
|