Kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.
[endre] Norske kommunar
I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar. Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (bokmål).