See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kvitsøy - Wikipedia

Kvitsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvitsøy
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1144
Fylke: Rogaland
Administrasjonssenter: Ydstebøhavn
Flatevidd: 5 km²
Folketal: 538 (2008)
Målform: Nøytral
Internettside: www.kvitsoy.kommune.no
Politikk
Ordførar: Ole Olsen (KrF) 2007-2011

Kvitsøy er ein kommune og ei øygruppe utanfor Stavanger i Rogaland fylke.

Dei 365 øyar, holmar og skjer er til saman 5,73 kvadratkilometer. Kommunen vert omgjeve av dei ytre delane av Boknafjorden. Mot nord ligg Karmøy og Bokn, mot aust Rennesøy og Randaberg.

Fire av øyane har fastbuande, opphavleg var her seks gardar med krøtter. Det finst to større busetnader, og dei ligg ved tidlegare fiskehamner: Ydstebøhavn i vest og Leiasundet i aust.

Steinkross i storleik 3,90 * 1,87 meter, navigasjonsmerke og kristent symbol reist mellom 800 - 1050 e.Kr. (Foto: Roar Johansen)
Steinkross i storleik 3,90 * 1,87 meter, navigasjonsmerke og kristent symbol reist mellom 800 - 1050 e.Kr. (Foto: Roar Johansen)
Bustadhus ved Ydstebøhamn. (Foto: Roar Johansen)
Bustadhus ved Ydstebøhamn. (Foto: Roar Johansen)

Innhaldsliste

[endre] Historie

Kvitsøy ligg midt i skipsleia og ho var tidleg ein viktig møteplass. Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson hadde fredsmøte her i 1016 og gjorde semje om fred. Eit anna fredsmøte hende i 1208baglerkongen Filippus Simonsson og birkebeinarleiaren Inge Bårdsson gjorde «kvitsøysemja» om kven som skulle styre i Vika.

Den første kyrkja, St Clemens-kyrkja vart truleg bygd samstundes med Stavanger domkyrkje. I dag er kyrkjeruinane ein låg haug ved Leiasund rett nord for steinkrossen på Krossøy. Ei ny kyrkje i tømmer, Kvitsøy kyrkje vart bygd i 1620.

I kommunen kom det ein stor radiosendar i 1982, eit sendeanlegg for sendingar på kortbølgje- og mellombølgje. Radiosendaren vart omtala som "Kvitsøysendaren" eller som "Kvitsøy kringkastar", men er allereie historie ettersom kortbølgje- og mellombølgjesendarane var lagt ned i 2004 høvesvis 2006.

Sendaren er ikkje lagt ned heilt. Det er fortsatt litt drift via sendaren, men i betydelig mindre grad enn tidligare.

[endre] Næringsliv

Tidlegare var fangst av sild, mort og hummar viktige levevegar. Hummarfisket hadde stor verdi frå starten på 1800-talet til ca 1955. I dag er mange tilsette i småindustri, på Kvitsøy trafikksentral og i kommunen. Trafikksentralen kom i 2003, erstattar lósstasjonen og syter for trykkleik på havet frå Ryvarden til Jærens rev.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder


Rogaland
Bjerkreim | Bokn | Eigersund | Finnøy | Forsand | Gjesdal | Haugesund | Hjelmeland |  | Karmøy | Klepp | Kvitsøy | Lund | Randaberg | Rennesøy | Sandnes | Sauda | Sokndal | Sola | Stavanger | Strand | Suldal | Time | Tysvær | Utsira | Vindafjord


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -