Bokn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1145 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Føresvik |
Flatevidd: | 47 km² |
Folketal: | 823 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Kyrre Lindanger (Ap) |
Målform: | Nynorsk |
Nettstad: | www.bokn.kommune.no |
Bokn er ein kommune i Rogaland fylke, i regionen Haugalandet. Kommunen vert utgjort av tre øyar der det bur folk, og i tillegg 123 småøyar og holmar. På øya Vestre Bokn bur det mest folk, og nokre mindre på øya Austre Bokn. Kommunen har Karmøy vest og nord for seg, Tysvær i nord, Finnøy og Rennesøy i aust, og Kvitsøy i sør.
Innhaldsliste |
[endre] Samfunn
Av njæringsvegar har kommunen ein del jordbruk, men har òg viktige føretak som Bokn Plast og fiskemottak.
Bokn har eige bibliotek og matvarebutikkar. Kommunen har éin skule, Bokn skule, som er både barne- og ungdomsskule med omlag 120 elevar. Tilknytta skulen finn ein òg Bokn barnehage.
[endre] Geografi
Bokn har brusamband mot resten av Haugalandet og nord-Rogaland og ferjesamband mot sør over Boknafjorden. Sambandet er ein del av Europaveg 39, ein del av hovudvegen mellom Bergen og Stavanger.
Høgaste punkt er Boknafjellet 294 moh på Vestre Bokn. Fjelltoppen har vore lett å kjenna att og orientera seg etter på sjøen. Namnet Bokn skal tyda seglingsmerke.
[endre] Kommunevåpen
Kommunevåpenet vert skildra som «Varde i sølv på blå botn». Blåfargen symboliserer at kommunen er ein øykommune med hav kring. Sølvfargen symboliserer rikdomane i havet. Varden symboliserer øyane slik ein kan sjå dei på litt avstand.
[endre] Bakgrunnsstoff
|