Hå
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1119 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Varhaug |
Flatevidd: | 255 km² |
Folketal: | 15 438 (2008) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.ha.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Terje Mjåtveit (Nærbølista) 2003-2011 |
Hå er ein kommune på Jæren i Rogaland fylke. Hå kommune kom i stand i 1964 etter samanslåing av dei tidlegare kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna. Til kvar av dei gamle kommunane er det knytt ikkje så lite lokalpatriotisme. Difor er kommunalpolitikken særkjenna av ymse bygdelister. Gjennom Hå kommune går jarnbanen Jærbanen. Tettstadane i kommunen ligg der dei ligg mykje etter kor Jærbanen har hatt haldeplassar eller stasjonar.
Forfattaren Tor Obrestad vart fødd i Hå kommune. På Obrestad ligg Obrestad fyr og Obrestad hamn.
Ved Nærbø ligg Jærmuseet.
[endre] Namnet Hå
Namnet Hå er knytt til prestegarden Hå og elva Håelva. Prestegarden er gjort om til kultursenteret Hå gamle prestegard.
[endre] Kommunevåpenet
Kommunevåpenet syner ein stubbebrytar, eller steinbukk som ein seier på jærsk. Reiskapen vart mykje nytta på Jæren for å rydda stein før gravemaskinane si tid. Dei tre føtene til steinbukken kan symbolisera dei tre tidlegare kommunane.
[endre] Bakgrunnsstoff
|