See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Finnøy - Wikipedia

Finnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finnøy
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1141
Fylke: Rogaland
Administrasjonssenter: Judaberg
Flatevidd: 106 km²
Folketal: 2 711 (2008)
Målform: Nynorsk
Internettside: www.finnoy.kommune.no
Politikk
Ordførar: Kjell Nes (KrF) 2007-2011

Finnøy er ein øykommune i Rogaland fylke. Området ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen har grenser mot HjelmelandOmbo og grenser mot Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn over sjø.

Øyar med folkesetnad er Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Ombo, øygruppa  Fisterøyane og øygruppa Sjernarøyane. Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland.  Sjernarøy var tidlegare ein eigen kommune og øygruppa omfattar Aubø, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy, Nord-Hidle, Nord-Talgje og Tjul.   Fisterøyane er dei øyane som tidlegare var del av Fister kommune omfattar  Byre, Bokn, Måløy og Halsnøy.
Øyar med folkesetnad er Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Ombo, øygruppa Fisterøyane og øygruppa Sjernarøyane. Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland.

Sjernarøy var tidlegare ein eigen kommune og øygruppa omfattar Aubø, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy, Nord-Hidle, Nord-Talgje og Tjul.

Fisterøyane er dei øyane som tidlegare var del av Fister kommune omfattar Byre, Bokn, Måløy og Halsnøy.

Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.

Innhaldsliste

[endre] Kommunikasjonar

Kommunikasjonen føregår for det meste med ferjer og hurtigbåtar, sidan kmmunen ikkje har vegsamband med fastlandet. For tida går det føre seg arbeid på ein undersjøisk tunnel mellom Finnøy og Rennesøy med ein sidetunnel til Talgje.

[endre] Fortid

Ein har funne mange minne frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.

Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.

Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.

[endre] Næringsliv

Hovudnæringane i Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor landbruk. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.

[endre] Kjende finnøybuar

  • Ogmund Finnsson frå Hesby, som var drottsete og styrde Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-tallet, har minnesmerke ved Hesby kyrkje.
  • Asgaut Regelstad var med i Eidsvollsforsamlinga i 1814, og er òg minna ved Hesby kyrkje
  • Niels Henrik Abel (1802-1829) vart fødd på Finnøy prestegard, og vart sidan ein framifrå matematikar (minnesmerke ved prestegarden)
  • Alfred Hauge frå Kyrkjøy var ein velkjend etterkrigsforfattar, og er minna ved Sjernarøy kyrkje
  • Kolbjørn Hauge, forfattar
  • Nils N. Finnøy, båtmotorprodusent

[endre] Bakgrunnsstoff


Rogaland
Bjerkreim | Bokn | Eigersund | Finnøy | Forsand | Gjesdal | Haugesund | Hjelmeland |  | Karmøy | Klepp | Kvitsøy | Lund | Randaberg | Rennesøy | Sandnes | Sauda | Sokndal | Sola | Stavanger | Strand | Suldal | Time | Tysvær | Utsira | Vindafjord


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -