Niels Henrik Abel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Henrik Abel (5. august 1802–6. april 1829) var ein norsk matematikar fødd i Ryfylke på Finnøy eller (sjå tilvising) på Nedstrand (eller på Sjernarøyane, frå 1968 del av Finnøy kommune, men fram til på lag år 2000 del av Nedstrand prestegjeld), og oppvaksen i Gjerstad i Aust-Agder. Saman med Sophus Lie blir han rekna som ein av dei to største norske matematikarane, og fleire norske matematikkonkurransar er oppkalla etter han. Abel har òg eit stort internasjonalt namn innan matematikken.
Abel er mest kjent for å ha prova at den generelle femtegradslikninga ikkje kan løysast med dei grunnleggjande rekningsartene - addisjon, subtraksjon, ganging, deling og å finna rota av eit tal.
Fleire matematiske omgrep ber namnet til Abel, til dømes abelske grupper og abelske kategoriar. I Noreg er det blitt sett i gang fleire prosjekt for å gjera han betre kjend, gjennom KappAbel matematikonkurranse for niandeklassingar og Abelkonkurransar for vidaregående elevar. Abelprisen er oppretta til minne om matematikaren.
Abel døydde bare 26 år gammal av tuberkulose på Froland Verk i Aust-Agder, og her er han gravlagd.
[endre] Bakgrunnsstoff