See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Renessansen - Wikipedia

Renessansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Poznan
Poznan

Renessansen (frå fransk renaissance, attføding) er ein retning innan europeisk kunst og tankeliv som avslutta mellomalderen. Renessansen er mest omtala som ein stilart innan kunsten, men gjorde seg òg gjeldande innan politikk, vitskap og sjølve menneskesynet.

[endre] Attfødd kunst

Renessansen tok til i Italia1300-talet og varte til ein gong på 1500- eller 1600-talet, då han vart avløyst av barokken. Idéen bak rørsla var å finna tilbake til dei klassiske ideala frå Antikken. Ein byrja å studera gamle romerske og greske tekstar igjen, og kunsten prøvde å vera like perfekt og tru til naturen som mellom anne dei gamle greske statuane hadde vore.

Kunstnarar fekk nye oppdragsgjevarar. Tidleg var det nesten berre kyrkja som ville ha kunstverk til å smykka gudshusa sine, no ville òg rike kjøpmenn ha ting som var vakre å sjå på. Dette førte til bilete av andre motiv enn dei typiske kristne, som eldre mytologi, portrett, og landskap.

[endre] Idéen om renessansen

Det var den franske historikaren Jules Michelet som først brukte omgrepet renessansen på 1800-talet. Opplysingstida følgde tett etter renssansen, og for å gjera desse periodane endå lysare snakka ein gjerne om den mørke mellomalderen. Sidan har ein kome fram til at mellomalderen ikkje var fullt så mørk som folk ville ha det til, men renessansen var likevel ei dramatisk endring.

I Noreg og Danmark seier ein at renessansen varte frå rundt 1536, då Reformasjonen vart innførd, til 1648, då Kristian IV døydde. Likevel, stilperiodens lengde i vårt område gir ulikt utslag for ulike kunstarter. Innan hagekunst finn ein etablering av renessansehagar også på 1700-talet.

[endre] Nokre renessansekunstnarar

Dame med ein røyskatt av Leonardo da Vinci på Czartoryski Museum i Kraków
Dame med ein røyskatt av Leonardo da Vinci på Czartoryski Museum i Kraków



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -