Kirgisistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Кыргыз Республикасы (Kyrgyz Respublikasy) Кыргызская республика (Kyrgyzskaja respublika) |
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||||
Offisielle språk | Russisk og kirgisisk | ||||||
Hovudstad | Bisjkek | ||||||
Styresett |
Republikk Kurmanbek Bakijev Igor Tsjudinov |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
198 500 km² (86.) 3,6 % |
||||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
5 146 281 (111.) — 26/km² (147.) |
||||||
Sjølvstende - Erklært |
Frå Sovjetunionen 31. august 1991 |
||||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
10 626 mill. USD (133.) 2 061 USD (138.) |
||||||
Valuta | Som | ||||||
Tidssone | UTC +5 | ||||||
Nasjonalsong | «Den kirgisiske nasjonalsongen» |
||||||
Nasjonaldag | 31. august | ||||||
Internasjonal telefonkode | +996 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .kg
|
Kirgisistan (kirgisisk Кыргызстан) er eit land i Sentral-Asia, «midt i verda». Det er eit innelukka fjelland med grenser til Kina, Kazakhstan, Tadsjikistan og Usbekistan. Førti prosent av landet ligg meir enn 3000 m.o.h. Hovudstaden er Bisjkek. Tidlegare var landet ein republikk i Sovjetunionen, og har vore uavhengig sidan 1991. Det unge demokratiet i landets viste positive framtidsutsikter under leiarskapen til tidlegare president Askar Akajev og var ganske stabilt i 1990-åra, men nærma seg seinare autokrati og autoritært styre. For tida er Kirgisistan i omvelting etter ein revolusjon og etter at president Akajev trakk seg 4. april 2005. Den politiske situasjonen i landet er for tida usikker.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kirgisistan er eit fjelland som ligg på nordsida av den store fjellkjeden Tian Shan. Dei kirgisiske fjella inneheld mykje gull og andre dyre metall. Det høgaste punktet i landet er fjellet Dzjengisj Tsjokusu (Pik Pobedy), som når 7 439 m.o.h. Det lågaste punktet er elva Kara-Darja, 132 m.o.h.
Den store, krystallklare sjøen Issyk-Kul, nordaust i landet, var i sovjettida eitt av dei framste turistparadisa i Sovjetunionen.
[endre] Klima
Dei høge fjellområda har snø året rundt, men på grunn av avstanden til havet og sidan Pamirfjella og Himalaya blokkerar monsunlufta frå sør, er desse fjellområda tørre. Det meste av snøen kjem i samband med svake lågtrykk frå vest om vinteren. Vintrane er kalde, men våren kjem tidlegare her enn lenger nord. Landet har ein normal årsnedbør på 300-400 mm.
[endre] Kultur
Hovudstaden i landet er Bisjkek, og var tidlegare Frunze. Ein annan stor by er Osj.
[endre] Innbyggjarar
Folketalet var i 1999 på 4,9 millionar. Ho består hovudsakleg av kirgisarar, eit tidlegare nomadefolk som stort sett vedkjenner seg islam. Andre folkegrupper er russarar, usbekarar og volgatyskarar.
Om lag tre fjerdedelar av innbyggjarane i landet er sunnimuslimar av hanafiretninga. Ein femtedel er ortodokse kristne.
[endre] Historie
Området blei russisk på 1860-talet. I samband med den russiske revolusjonen i 1917 gjorde kirgisarane opprør, og landet blei sjølvstendig fram til 1921, då området blei ein del av Sovjetunionen. Frå dette året til 1922 døydde over ein halv million innbyggjarar av svolt. Landet blei ein eigen sovjetrepublikk i 1936.
Då landet erklærte sjølvstende frå Sovjet i 1991 blei Askar Akajev president. Akajev leidde landet fram til 24. mars 2005, då, etter eit parlamentsval der Akajev blei anklaga for valfusk, ein rimeleg fredeleg revolusjon med tilnamnet «Tulipanrevolusjonen» tok frå han makta til fordel for Kurmanbek Bakijev.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |