Kina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kina (tradisjonelt kinesisk språk 中國, forenkla kinesisk 中国, Hanyu Pinyin: Zhōngguó, Wade-Giles: Chung-kuo) er eit land i Aust-Asia som frå 1949 i røynda er delt i to. Folkerepublikken Kina (med hovudstad i Beijing) (eller Peking) omfattar alle fastlandsprovinsane. Republikken Kina (med hovudstad Taipei) styrer berre over provinsen og øya Taiwan (Formosa) og nokre små øyar i provinsen Fujian. Styremaktene i båe republikkane gjer krav på å vera styresmakt i heile Kina. Republikken Kina sin offisielle hovudstad er Nanjing (eller Nanking) som ligg i fastlands-Kina.
Kina er den eldste framleis eksisterande sivilisasjon. Historia til landet vert kjenneteikna av ymse delingar og samanslåinger mellom skiftande periodar av fred og krig, og valdelege maktskifte. Makta låg gjerne i hovudsak hjå den kinesiske keisar. Den røynlege makta kunne liggja hjå mektige embedsmenn og regionale krigsherrar. Kina sitt landområde har variert gjennom historia. Særleg frå 600-talet til og med 1300-talet, kunne Kina reknast som den mest avanserte siviliasjonen i verda. Frå 1800-talet til ut på 1900-talet var landet for svakt til å slå attende europeisk kolonialisme og japansk invasjon. Samstundes var det interne konflikter i landet. Kommunistsigeren i den kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar i Austkinahavet.
Kina har eit folketal på over ein milliard og utgjer ein femdel av menneska på jorda. Fleirtalet er han-kinesarar. Viktige minoritetar inkluderer mandsjurarar. Det kinesiske språket er inndelt i ei rad variasjonar. Pekingdialekten vert nytta som utgangspunkt for standardkinesisk.
[endre] På verdsveven
- Den norske kinaforeninga
- 1911 EB "China"
- Internet in China (Blog)
- China Pictures
- Internet Guide for Chinese Studies: WWW Virtual Library
- Provinces of China
- Teaching about China
- China Directory at Open Directory Project
- From the History of Religions of China
- Chinese Paper Money
- Chinese influence on Western philosophy and science
- [1] water and wastewater in china
Aust-Asia |
Japan | Kina | Russland |
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |