See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Usbekistan - Wikipedia

Usbekistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
O`zbekiston Respublikasi
Ўзбекистон Республикаси
Usbekistan sitt flagg
Usbekistan sitt riksvåpen
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Yo`q
Usbekistan si geografiske plassering
Offisielle språk usbekisk
Hovudstad Tasjkent (Toshkent)
Styresett
Republikk
Islom Karimov
Shavkat Mirziyoyev
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
447 400 km² (56.)
4,9 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
26 851 195 (42.)

60/km² (111.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sovjetunionen
1. september 1991
(off. 8. desember 1991)
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
50 395 mrd. USD (77.)
2 283 USD (147.)
Valuta so`m (off. O`zbekiston so`mi)
(± 2,473 USD)
Tidssone UTC +5
Nasjonalsong Usbekistan sin nasjonalsong
(O`zbekiston Respublikasining Davlat Madhiyasi)
Nasjonaldag 1. september
Internasjonal telefonkode +998
Nasjonale toppdomene .uz
lokalt språk i Qoraqalpog`iston (Qaraqalpaqstan Respublikası): karakalpakisk
Kart over Usbekistan
Kart over Usbekistan
Satellittbilete over Usbekistan
Satellittbilete over Usbekistan

Usbekistan (usbekisk: O`zbekiston, kyr.: Ўзбекистон, أۇزبېكیستون på afghansk usb.; utt. [ˈɤ̟zbekistɒn]) er det mest folkerike landet i Sentralasia, med om lag 26 millionar innbyggjarar. Det grensar til Kasakhstan i nord, Kirgisistan og Tadsjikistan i aust, Afghanistan i sør og Turkmenistan i vest.

Av di denne delen av Sentralasia sidan slutten av 1800-talet hadde vore underlagt den russiske tsaren, vart Usbekistan ein delrepublikk av Sovjetunionen. Den 1. september 1991 erklærte landet seg uavhengig.

Usbekistan er ein fattig og uroleg del av Asia. I tillegg til usbekarar bur det for det meste russarar og tadsjikar i republikken. Mange av innbyggjarane er sterkt misnøgde med regimet, som har blitt skulda for korrupsjon, vanstyre og grove brot på menneskerettane. President Islom Karimov hevdar på si side at dei som demonstrerar mot han, er muslimske fundamentalistar.

Den politiske situasjonen tilspissa seg våren 2005, og fredag den 13. mai starta eit folkeopprør i Andijon heilt aust i landet, som snart spreidde seg til grensebyen Kara Su, der det vert rapportert at rasande folkemengder sette regjeringsbygga i brann. Presidenten sine sikkerheitsstyrker svarte med å skyta mot opprørarane, og somme kjelder melder at fleire hundre menneske vart drepne og så mange som 2 000 såra i den første samanstøyten. Myndigheitene i Usbekistan har no gjort det forbudt for innbyggjarane å sjå utanlandske nyhende på fjernsyn, men tusenvis av menneske er allereie på flukt for å koma seg bort ifrå det som mange fryktar vil bli eit blodbad, ettersom ein ikkje reknar med at presidenten vil gå av.

[endre] Klima

Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i Usbekistan. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Kara Kumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Områda rundt dei nordlege fjellsidene, som i Tasjkent, har størst sjans for å få litt snø eller regn. Dei har derimot episodar med fønvind som gjev nokre varmare dagar og ein pause frå kulda som sig sørover frå Russland. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta er låg fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 ºC. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behaglege temperaturar, mykje sol og lite nedbør.


Sentral-Asia

Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan
Usbekistan | Tadsjikistan | Delar av Russland | Delar av Kina (Xinjiang)

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikipedia på bokmål/riksmål
Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Usbekistan» på Wikipedia på bokmål/riksmål.
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -