Jules Verne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jules-Gabriel Verne (8. februar 1828–24. mars 1905) var en fransk forfattar. Han skreiv eventyrlege romanar om reiser verda rundt, under havet, jorda og i verdsrommet. Ved å bruka mange tekniske nyvinningar som inspirasjon frå bøkene sine er han blitt ein av opphavsmennene til science fiction-romanen. Verne er kjend for bøker som Jorden rundt på 80 dager, En verdensomseiling under havet, Den hemmelighetsfulle øya og Kaptein Grants barn. Fleire av romanane hans er blitt filmatiserte, nokre av dei fleire gonger.
Verne var fødd i Nantes i Frankrike og vaks opp på ei øy i elva Loire. Han døydde i Amiens.