Historiske hovudstader
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette er ei liste over historiske hovudstader, byar som ein gong var hovudstad i eit land, men som ikkje lenger har denne statusen anten fordi landet ikkje eksisterer lenger, fordi hovudstaden vart flytta, eller fordi hovudstaden fekk nytt namn.
Innhaldsliste |
[endre] Afrika
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Léopoldville | Den demokratiske republikken Kongo | 1960 | 1966 | omdøypt Kinshasa |
Grand Bassam | Elfenbeinskysten | 1893 | 1900 | flytta til Bingerville |
Bingerville | Elfenbeinskysten | 1900 | 1933 | flytta til Abidjan |
Abidjan | Elfenbeinskysten | 1933 | 1983 | flytta til Yamoussoukro |
Al-Fustat | Egypt | 641 905 |
750 969 |
flytta til Al-Askar flytta til Kairo |
Al-Askar | Egypt | 750 | 868 | flytta til Al-Qatta'i |
Al-Qatta'i | Egypt | 868 | 905 | flytta tilbake til Fustat |
Otjimbingwe | Tysk Sørvest-Afrika | 1886 | 1892 | flytta til Windhoek |
Cape Coast | Ghana (Gullkysten) | 1664 | 1877 | flytta til Accra |
Bolama | Guinea-Bissau | 1879 | 1941 | flytta til Bissau |
Boe | Guinea-Bissau | 1973 | 1974 | flytta tilbake til Bissau |
Njimi | Kanem | fl. 11th Century | c.1396 | tapt til Bulala (etter kvart flytta til Ngazargamu) |
Ngazargamu | Kanem-Bornu-riket | c.1472 | 1808 | tapt til Fulani (til slutt flytta til Kukawa) |
Kukawa | Kanem-Bornu-riket | 1814 | 1893 | Kongedømet opphøyrde |
Lagos | Nigeria | 1914 | 1976 | flytta til Abuja |
Aneho | Togo | 1880-åra | 1897 | flytta til Lomé |
Zomba | Malawi | 1880-åra | 1960-åra | flytta til Lilongwe |
[endre] Asia
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Anyang | Kina (Shangdynastiet) | om lag 1600 fvt. | om lag 1046 fvt. | flytta til Chang'an - slutten av Shangdynastiet |
Chang'an | Kina (Zhoudynastiet) | om lag 1046 fvt. | 722 fvt. | flytta til Luoyang |
Luoyang | Kina (Zhoudynastiet) | 772 fvt. | 221 fvt. | flytta til Xianyang - slutten av Zhoudynastiet |
Xianyang | Kina (Qindynastiet) | 221 fvt. | 206 fvt. | flytta tilbake til Chang'an - slutten av Qindynastiet |
Chang'an | Kina (Handynastiet) | 206 fvt. | 25 | flytta tilbake til Luoyang |
Luoyang | Kina (Handynastiet) | 25 | 220 | slutten av Handynastiet markerte byrjinga på perioden Dei seks dynastia |
Chang'an | Kina (Tangdynastiet) | 618 | 907 | slutten av Tangdynastiet markerte byrjinga på perioden Dei fem ti dynastia og dei ti kongedøma |
Kaifeng | Kina (Songdynastiet) | 960 | 1127 | flytta til Hangzhou |
Hangzhou | Kina (Songdynastiet) | 1127 | 1279 | Kublai Khan innlemma Kina i Det mongolske riket |
Nanjing | Kina (Mingdynastiet) | 1368 | 1421 | flytta til Beijing |
Beijing | Kina | 1421 | 1928 | flytta tilbake til Nanjing - Kina vert ein republikk. |
Nanjing | Republikken Kina | 1928 | 1937 | flytta til Chongqing |
Chongqing | Republikken Kina | 1937 | 1945 | flytta tilbake til Nanjing |
Nanjing | Republikken Kina | 1945 | 1949 | flytta til Beijing - Etter opprettinga av Folkerepublikken Kina, flykta regjeringa av Republikken Kina til Taiwan og gjorde Taipei til hovudstad. Nanjing er framleis den offisielle hovudstaden. |
Hakodate | Republikken Ezo | 1868 | 1869 | Ezo annektert av Japan |
Malolos | Den første filippinske republikken | 1898 | 1899 | Hovudkvarteret til revolusjonsrørsla (Merk: Fleire andre byar vart hovudstader og avløyste kvarandre, nemleg San Isidro, Cabanatuan, Bamban, Tarlac, Bayambang og Palanan, for å unngå å verte fanga av amerikanarane under den filippinsk-amerikanske krigen). Flytta tilbake til Manila etter erobringa av Aguinaldo i 1901. |
Taipei | Republikken Formosa | 1895 | 1895 | flytta til Tainan |
Tainan | Republikken Formosa | 1895 | 1895 | Formosa annektert av Japan |
Calcutta | Britisk India | 1772 | 1912 | flytta til New Delhi |
Simla | Britisk India | 1850 | 1947 | Sommarhovudstad |
Yogyakarta | Indonesia | 1946 | 1948 | Dei allierte sin invasjon, flytta til Bukittinggi |
Bukittinggi | Indonesia | 1948 | 1949 | flytta til Jakarta |
Heijō-kyō (Nara) | Japan i Naraperioden | 710 | 784 | flytta til Nagaoka-kyō (Nagaoka) |
Nagaoka-kyō (Nagaoka) | Japan i Naraperioden | 784 | 794 | flytta til Kyoto |
Kyoto | Japan | 794 | 1868 | flytta til Tokyo |
Kaesong | Korea (Koryodynastiet) | 936 | 1392 | flytta til Hanyang (Seoul) - slutten på Koryodynastiet |
Marawi | Sultanatet Maguindanao | 1205 (?) | 1800-åra (?) | Annektert av Spansk Austindia |
Yangon | Myanmar | 1948 | 2005 | flytta til Naypyidaw |
Bacolod | Negros | 1898 | 1899 | innlemma i Filippinane . |
Karachi | Pakistan | 1947 | 1959 | flytta til Rawalpindi |
Rawalpindi | Pakistan | 1959 | 1967 | flytta til Islamabad |
Manila | Det filippinske samveldet | 1934 | 1941 | Japansk okkupasjon. Flytta tilbake til Manila i 1945 etter frigjeringa av Filippinene |
Iloilo | Den spanske perioden | 1898 | 1899 | Siste bastionen til Spania i Asia. |
Manila | Den andre filippinske republikken | 1943 | 1945 | Frigjeringa av Filippinane frå japanarane |
Manila | Filippinane | 1946 | 1948 | flytta til Quezon etter opprettinga av Republikken Filippinane |
Baguio | Filippinane | 1946 | 1976 | Sommarhovudstad, flytta tilbake til Manila |
Quezon | Filippinane | 1948 | 1976 | flytta tilbake til Manila via. Quezon, med Manila, vart ein del av Metro Manila. Fleire regjeringsbygg vart verande igjen i Quezon, inkludert Batasang Pambansa og Representanthuset. Manila er den noverande hovudstaden. |
Saigon | Sør-Vietnam | 1954 | 1975 | Hanoi, landet opphøyrde med samlinga av Vietnam |
Cebu | Spansk Austindia | 1562 (?) | 1578 (?) | Den første spanske busetnaden i landet. Flytta til Manila (tidlegare Maynilad) etter erobringa. |
Manila | Spansk Austindia | 1578 (?) | 1762 | Erobra av britane under sjuårskrigen, kom tilbake til Spania etter Paris-traktaten. |
Bacolor | Spansk Austindia | 1762 | 1764 | Hovudstaden til regjeringa i eksil under sjuårskrigen. Flytta tilbake til Manila |
Manila | Spansk Austindia | 1764 | 1901 | Avstått til USA via Paristraktaten |
Colombo | Sri Lanka | 1815 | 1982 | Flytta til Kotte |
Jolo | Sultanatet Sulu | 1450 (?) | 1899 | Annektert av USA |
Sukhothai | Thailand | 1238 | 1438 | flytta til Ayutthaya etter plyndringa av Ayutthaya |
Chiang Mai (Lanna) | Thailand | 1259 | 1939 | Annektert av Siam |
Ayutthaya | Thailand | 1350 | 1767 | flytta til Thonburi etter at burmesarane øydela byen |
Thonburi | Thailand | 1767 | 1782 | flytta til Bangkok etter at kong Taksin vart erklært gal |
Tainan | Kongedømet Tungning | 1662 | 1683 | Fallet til Kongedømet Tungning |
[endre] Sentral- og Sørvest-Asia
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Kandahar | Afghanistan | 1748 | 1772 | flytta til Kabul |
Ecbatana | Iran (Medes) | 600-talet fvt. | 550 fvt. | erobra av Kyros den store |
Pasargadae, Persepolis og Susa | Iran (Akamendie-dynastiet) | 550 fvt. | 330 fvt. | erobra av Aleksander den store og innlemma i Makedonia |
Seleukia | Iran (Selevkidriket} | 305 fvt. | 240 fvt. | flytta til Antiokia |
Antiokia | Iran (Selevkidriket) | 240 fvt. | 64 fvt. | erobra av Parthia |
Ctesiphon | Iran (Partia og Sasanide-dynastiet) | om lag 64 fvt. | 637 | fall i den islamske erobringa av Persia |
Nishapur | Iran {Tahiriddynastiet) | 821 | 873 | erobra av Saffariddynastiet |
Shiraz | Iran (Saffariddynastiet) | 861 | 900 | erobra av Samanid |
Bukhara, Samarqand og Herat | Iran (Samanid) | 875 | 999 | erobra av Karakhanids |
Tabriz | Iran (Safaviddynastiet) | 1501 | 1548 | flytta til Qazvin |
Qazvin | Iran (Safaviddynastiet) | 1548 | 1598 | flytta til Isfahan |
Isfahan | Iran (Safaviddynastiet) | 1598 | 1736 | flytta til Mashhad |
Mashhad | Iran {Afshariddynastiet) | 1736 | 1750 | flytta til Shiraz |
Shiraz | Iran (Zanddynastiet) | 1750 | 1794 | flytta til Tehran i Qajardynastiet |
Hebron | Kongedømet Israel | om lag 1007 fvt. | om lag 1000 fvt. | flytta til Jerusalem då kongedømet vart samla under kong David |
Tel Aviv | Israel | Mai 1948 | Des 1948 | mellombels de facto hovudstad, flytta til Jerusalem etter han vart frigjort frå ei omleiring under den arabisk-israelske krigen i 1948 |
Jerusalem | Kongedømet Jerusalem | 1099 | 1187 | flytta til Acre (Jerusalem erobra av Saladin) |
Acre | Kongedømet Jerusalem | 1187 | 1291 | Kongedømet opphøyrde |
Semey | Kasakhstan (Alash Orda) | 1917 | 1920 | Eininga kalla Den autonome sovjetiske sosialistrepublikken Kirgis vart oppretta, hovudstaden flytta til Orenburg |
Orenburg | Kasakhstan (Kirgis ASSR) | 1920 | 1925 | flytta til Kyzylorda |
Kyzylorda | Kasakhstan (Kasakhstank ASSR) | 1926 | 1929 | flytta til Alma-Ata |
Alma-Ata | Kasakhstan (Kasakhstank ASSR, sjølvstendig Kasakhstan) | 1929 | 1993 | omdøypt Almaty |
Almaty | Kasakhstan | 1993 | 1998 | flytta til Astana |
Salalah | Oman | 1932 | 1970 | flytta til Musqat |
Dariyah | Saudi Arabia | 1744 | 1818 | flytta til Riyadh etter osmanarane øydela byen |
Aden | Sør-Jemen | 1967 | 1990 | San'a, landet opphøyrde etter det vart slått saman med Jemen |
Samarkand | Usbekistan (SSR) | 1925 | 1930 | flytta til Tasjkent |
Taiz | Jemen | 1948 | 1962 | flytta til San'a |
[endre] Europa
[endre] Nord-Europa
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Roskilde | Danmark | om lag 1020 | 1443 | flytta til København |
Winchester | Kongedømet England Wessex | 519 | 1066 | flytta til London |
Turku | Storhertugdømet Finland | 1809 | 1812 | flytta til Helsinki |
Vaasa | Finland | 29. januar 1918 | 3. mai 1918 | flytta av Skyddskåren frå Helsinki på grunn av den finske borgarkrigen |
Hill of Tara | Irland (under høgkongane) | 500-talet | 1100-talet | Irland invadert av normannarar |
Kilkenny | Det irske forbundet | 1642 | 1651 | Cromwell si erobring av Irland |
Kaunas | Litauen | 1922 | 1940 | flytta tilbake til Vilnius |
Nidaros, i dag Trondheim | Noreg | 997 | 1070 | flytta til Bergen |
Bjørgvin, i dag Bergen | Noreg | 1070 | 1299 | flytta til Oslo |
Oslo | Noreg | 1299 | 1624 | omdøypt Christiania (òg skrive Kristiania frå 1877) |
Kristiania | Noreg | 1624 | 1924 | omdøypt Oslo |
Perth | Skottland | 846 | 1452 | flytta til Edinburgh |
Machynlleth | Wales | 1404 | 1416 | setet til Owain Glyndŵr's sjølvutnemnde parlament. Hovudstaden vart erklært Cardiff i 1955 |
[endre] Sør-Europa
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Konstantinopel | Austromarriket | 330 | 1453 | Riket fall til Det osmanske riket som heldt på byen som hovudstad. |
Burgos | Castile | 1000-talet | 1400-talet | flytta til Valladolid |
Corte | Korsika | 1755 | 1769 | Den korsiske republikken annektert av Frankrike |
Khaniá | Kreta | 1898 | 1913 | Kreta slått saman med Hellas |
Granada | Granada | 1250 | 1492 | Kongedømet opphøyrde etter Reconquista og vart innlemma i Castile |
Návplio | Hellas | 1821 | 1836 | flytta til Aten |
Éjina | Hellas | 1827 | 1829 | flytta tilbake til Návplio |
Torino | Italia | 1861 | 1865 | flytta til Firenze |
Firenze | Italia | 1865 | 1871 | flytta til Roma |
Salerno | Italia | 1944 | 1944 | midlertidig; flytta til Roma etter at han vart frigjort |
Mdina | Malta | 1566 | flytta til Valletta | |
Modena | Hertugdømet Modena | 1452 | 1860 | vart ein del av Kongedømet Italia |
Napoli | Kongedømet Napoli | 1282 | 1816 | Kongedømet Napoli slått saman med Dei to Sicilia |
Bursa | Det osmanske riket | 1335 | 1365 | flytta til Edirne |
Edirne | Det osmanske riket | 1365 | 1453 | flytta til Istanbul (Konstantinopel) |
Istanbul | Det osmanske riket | 1453 | 1923 | Det osmanske riket vart Republikken Tyrkia. Flytta til Ankara |
Piacenza | Hertugdømet Parma og Piacenza | 1545 | 1547 | flytta til Parma etter drapet på hertug Pierluigi Farnese |
Parma | Hertugdømet Parma og Piacenza | 1547 | 1860 | Vart ein del av Kongedømet Italia |
Guimarães | Portugal | 1095 | 1131 | flytta til Coimbra |
Coimbra | Portugal | 1131 | 1255 | flytta til Lisboa |
Lisboa | Portugal | 1255 | 1808 | flytta til Rio de Janeiro, flykta frå Napoleon sin invasjon av Portugal |
Torino | Kongedømet Sardinia | 1720 | 1861 | Vart ein del av Kongedømet Italia |
Torino | Hertudømet Savoie | 1563 | 1720 | Vart ein del av kongedømet Sardinia |
Palermo | Kongedømet Sicilia | 1130 | 1816 | Innlemma i Dei to Sicilia |
Toledo | Spania | 1400-talet | 1561 | flytta til Madrid |
Madrid | Spania | 1561 | 1600 | flytta til Valladolid |
Valladolid | Spania | 1600 | 1606 | flytta til Madrid |
Valencia | Spania | 1936 | 1939 | Regjeringa i den andre spanske republikken i den spanske borgarkrigen |
Trieste | Fristaten Trieste | 1947 | 1954 | Området vart oppløyst og innlemma i Italia og Jugoslavia |
Firenze | Storhertugdømet Toscana | 1569 | 1860 | Vart ein del av Kongedømet Italia |
Napoli | Dei to Sicilia | 1816 | 1861 | Vart ein del av Kongedømet Italia |
Venezia | Republikken Venezia | 800-talet | 1797 | annektert av Det austerrikske keisardømet |
[endre] Vest-Europa
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Aachen | Det tysk-romerske riket Det karolingiske riket | 800 | 814 | vart hovudstaden til Karl den store som Imperator Augustus av Det tysk-romerske riket og keisar av Det karolingiske riket |
Wien | Det tysk-romerske riket | 1558 | 1806 | vart hovudstad i Det austerrikske keisardømet |
Wien | Det austerrikske keisardømet | 1806 | 1867 | vart hovudstad i Austerrike-Ungarn |
Wien | Austerrike-Ungarn | 1867 | 1918 | vart hovudstad i Austerrike |
Karlsruhe | Baden | 1771 | 1918 | Baden vart ein del av Det tyske riket i 1871 og mista full suverenitet i 1918. Karlsruhe vart verande hovudstad i den tyske staten Baden fram til 1945. |
München | Bayern | 1300-talet | 1918 | Bayern vart ein del av Det tyske riket i 1871, og mista først full suvernitet i 1918. München er framleis hovudstad i den tyske delstaten Bayern. |
Vichy | Frankrike | 1940 | 1944 | hovudstaden til Vichy-regimet |
Berlin | Det tysk riket | 1871 | 1945 | Oppdelinga av Tyskland i okkupasjonssoner for dei allierte maktene. |
Bonn | Vest-Tyskland | 1949 | 1990 | flytta til Berlin etter gjenforeininga av Tyskland |
Aust-Berlin | Aust-Tyskland | 1949 | 1990 | Berlin, landet opphøyrde og vart ein del av Tyskland |
Kelmis | Moresnet | 1816 | 1919 | Moresnet annektert av Belgia |
Heidelberg | Kurpfalz | 1300-talet | 1720 | flytta til Mannheim |
Mannheim | Kurpfalz | 1720 | 1777 | Pfalz gjekk i arv til kurfyrstane av Bayern |
Dresden | Sachsen | 1485 | 1918 | Sachsen vart ein del av Det tyske riket i 1871 og mista heilt sjølvstende i 1918. Dresden er framleis hovudstad i den tyske delstaten Sachsen. |
Aarau | Sveits (Den helvetiske republikken) | 1798 | 1798 | flytta til Luzern |
Luzern | Sveits (Den helvetiske republikken) | 1798 | 1803 | Den helvetiske republikken vart avskaffa |
Stuttgart | Württemberg | om lag 1300 | 1918 | Württemberg vart ein del av Det tyske riket i 1871, og mista heilt sjølvstende i 1918. Stuttgart vart verande hovudstad i den tyske delstaten Württemberg fram til 1947, og så hovudstad i den tyske delstaten Baden-Württemberg. |
[endre] Sentral- og Aust-Europa
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Mtskheta | Georgia | 200-talet fvt. | 400-talet evt. | flytta til Tbilisi |
Kutaisi | Georgia | 978 | 1122 | flytta tilbake til Tbilisi |
Vlorë | Albania | 1912 | 1920 | flytta til Tirana |
Pliska | Bulgaria (Det første bulgarske riket) | 681 | 893 | flytta til Preslav |
Preslav | Bulgaria (Det første bulgarske riket) | 893 | 972 | flytta til Ohrid |
Ohrid | Bulgaria (Det første bulgarske riket) | 990 | 1015 | Riket opphøyrde etter at Austromarriket erobra det. |
Veliko Tarnovo | Bulgaria (Det andre bulgarske riket) | 1185 | 1396 | Riket opphøyrde etter at Det osmanske riket erobra detA |
Plovdiv | Aust-Rumelia | 1878 | 1885 | annektert som ein del av samlinga av Bulgaria |
Varaždin | Kroatia | 1756 | 1776 | flytta tilbake til Zagreb, då ein brann øydela det meste av byen. |
Praha | Tsjekkoslovakia | 1918 | 1993 | vart hovudstad i Tsjekkia |
Székesfehérvárog Esztergom | Ungarn | 972 (eller 973) | 1256 | Hovudstaden flytta frå Esztergom til Buda etter at det meste av byen vart øydelagd av monglane i 1242 |
Buda | Ungarn | 1361 | 1536 | flytta til Pozsony etter at delar av nasjonen vart erobra av Det osmanske riket |
Pressburg (Pozsony) | Det kongelege Ungarn | 1536 | 1784 | flytta tilbake til Buda |
Buda | Ungarn | 1784 | 1849 | vart ein del av Austerrike, hovudstad i Wien |
Buda | Ungarn (som del av Austerrike-Ungarn | 1867 | 1873 | slått saman med Óbuda og Pest og vart Budapest |
Płock | Masovia | om lag 1038 | 1047 | Masovia vart igjen ein del av Polen |
Płock | Masovia | 1138 | 1313 | flytta til Czersk |
Czersk | Masovia | 1313 | 1413 | flytta til Warszawa |
Warszawa | Masovia | 1413 | 1526 | Masovia vart igjen ein del av Polen |
Suceava | Moldavia | om lag 1380 | 1564 | flytta til Iaşi |
Iaşi | Moldavia | 1565 | 1862 | slått saman med Valakia for å danne Romania |
Cetinje | Montenegro | 1482 | 1946 | flytta til Podgorica |
Gniezno | Polen | 900-talet | 1038 | flytta til Kraków |
Poznań | Polen | 900-talet | 1038 | flytta til Kraków |
Kraków | Polen | 1038 | 1079 | flytta til Płock |
Płock | Polen | 1079 | 1138 | flytta til Kraków |
Kraków | Polen | 1138 | 1290 | flytta til Poznań |
Poznań | Polen | 1290 | 1296 | flytta til Kraków |
Kraków | Polen | 1296 | 1596 | flytta til Warsaw |
Lublin | Polen | 1944 | 1945 | de facto hovudstad |
Łódź | Polen | 1945 | 1947 | de facto hovudstsd |
Vladimir | Russland (Vladimir-Suzdal) | 1169 | 1327 | flytta til Moskva |
Moskva | Russland (Storthertugdømet Moskva) | 1327 | 1712 | flytta til St.Petersburg |
Jaroslavl | Russia (Storthertugdømet Moskva) | 1611 | 1612 | de facto |
Tsjerkassk | Russland (Kosakkisk Hetmanate) | 1640 | 1805 | flytta til Novotsjerkassk |
Novotsjerkassk | Russland (Kosakkisk Hetmanate) | 1805 | 7. januar 1920 | Don-Kosakkane mista sjølvstyre |
St. Petersburg (Petrograd) | Det russiske keisardømet | 1712 | 1918 | flytta til Moskva |
Moskva | Sovjetunionen | 1922 | 1991 | Statsunionen vart oppløyst, vart hovudstad i Russland |
Kiev | Ukraina (Kievriket) | 882 | 1169 | flytta til Halytsj |
Tsjyhyryn | Ukraina (Kosakkisk Hetmanate) | 1648 | 1669 | flytta til Baturyn |
Baturyn | Ukraina (Kosakkisk Hetmanate) | 1669 | 1708 | flytta til Hlukhiv etter at byen vart øydelagd av russiske troppar |
Hlukhiv | Ukraina (Kosakkisk Hetmanate) | 1708 | 1722 | Cossack Hetmanate lost its sovereignty |
Hlukhiv | Ukraina (Kosakkisk Hetmanate) | 1727 | 1734 | Kosakkisk Hetmanate mista sjølvstyre |
Baturyn | Ukraina (Kosakkisk Hetmanate) | 1750 | 1764 | Kosakkisk Hetmanate mista sjølvstyre |
Kharkiv | Ukraina (SSR) | 1919 | 1934 | flytta til Kiev |
Câmpulung | Valakika | 1200-talet | 1400-talet | flytta til Târgovişte |
Târgovişte | Valakika | 1396 | 1698 | flytta til Bucureşti |
Beograd | Jugoslavia | 1918 | 2003 | Statsunionen oppløyst, vart hovudstad i Serbia |
[endre] Oseania
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Melbourne | Australia | 1901 | 1927 | flytta til Canberra - mellombels hovudstad medan Canberra vart utvikla |
Levuka | Fiji | 1874 | 1877 | flytta til Suva |
Russell | New Zealand | 1840 | 1841 | flytta til Auckland |
Auckland | New Zealand | 1841 | 1865 | flytta til Wellington |
Tulaghi | Salomonøyane | 1896 | 1942 | flytta til Honiara |
Koror | Palau | 1994 | 2007 | flytta til Melekeok |
Kolonia | Mikronesia | 1914 | 1999 | flytta til Palikir |
Jabor | Marshalløyane | 1885 | 1944 | flytta til Majuro |
[endre] Nord-Amerika
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
St. George | Bermuda | 1612 | 1815 | flytta til Hamilton |
Belize by | Britisk Honduras | 1638 | 1970 | flytta til Belmopan |
Chan Santa Cruz | Chan Santa Cruz | om lag 1852 | 1901 | vart ein del av Mexico |
Cartago | Costa Rica | 1562 | 1823 | flytta til San José |
Santiago de Cuba | Cuba | 1522 | 1589 | flytta (etter 1607 i Havanna) |
Spanish Town | Jamaica | 1534 | 1872 | flytta til Kingston |
St. John's | Newfoundland | 1855 | 1949 | gjekk inn i forbundet med Canada |
San Jose de Oruña | Trinidad | 1592 | 1783 | flytta til Port of Spain |
Port of Spain | Det vestindiske forbundet | 1958 | 1962 | landet opphøyrde |
Mérida | Yucatán | 1840 | 1847 | slått saman med Mexico igjen |
[endre] Sør-Amerika
Gammal hovudstad | Land, rike | Frå | Til | Endring, årsak |
---|---|---|---|---|
Perquenco | Kongedømet Araucanía og Patagonia | 1860 | ? | innlemma i Chile og Argentina |
Paraná | Det argentinske forbundet | 1853 | 1861 | flytta til Buenos Aires |
Salvador da Bahia | Brasil | 1549 | 1763 | flytta til Rio de Janeiro |
Rio de Janeiro | Portugal | 1808 | 1815 | vart hovudstad i Portugal då den portuguesiske kong Johan VI flytta til kolonien Brasil under napoleonskrigane i 1808. |
Rio de Janeiro | Det samla kongedømet Portugal, Brasil og Algarve | 1815 | 1825 | Staten oppstod då kolonien Brasil fekk status som kongedøme, og kongedøma Portugal, Brasil og Algarve vart slått saman til ein enkelt stat 16. desember 1815 |
Rio de Janeiro | Brasil | 1763 | 1960 | flytta til Brasília |
Concepción | Kongedømet Chile | 1565 | 1575 | flytta til Santiago |
Cuzco | Inkariket | 1200-talet | om lag 1533 | flytta til Lima etter spansk erobring |
Tacna | Det peru-bolivanske forbundet | 1837 | 1839 | landet opphøyrde |