See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Trondheim - Wikipedia

Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trondheim
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1601
Fylke: Sør-Trøndelag
Administrasjonssenter: Trondheim
Flatevidd: 342 km²
Folketal: 165 191 (2008)
Politikk
Ordførar (2007-): Rita Ottervik (Ap)
Målform: Nøytral
Nettstad: www.trondheim.kommune.no

Trondheim, tidlegare Trondhjem (sørsamisk Råante), er ein by og kommune i Sør-Trøndelag fylke. I mellomalderen heitte byen Nidaros. Med omtrent 160 000 innbyggjarar (1. april 2006) er han den tredje største byen i Noreg.

Byen har eit universitet, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet eller NTNU, og Gråkallbanen, den einaste noverande trikkelinja i Noreg utanfor Oslo.

Trondheim er vennskapsby med Odense i Danmark, Norrköping i Sverige, Tammerfors i Finland, Darmstadt i Hessen (Tyskland), Graz i Østerrike, Tiraspol i Moldova/Transnistria, Keren i Eritrea, og Ramallah på Vestbredden.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Trondheim
Trondheim
Nidarosdomen, sett frå festningen
Nidarosdomen, sett frå festningen


Tradisjonen seier at Olav Tryggvason grunnla byen i 997, men det er mykje som tyder på at det då allereie var ein tettstad på staden. Bygginga av Nidarosdomen tok til i 1070, over grava til Heilag-Olav, og kyrkja stod ferdig om lag 1320.

Trondheim har hatt fleire store bybrannar, den mest kjende er Hornemansbrannen den 19. april 1681. Etter denne brannen kom Johan Caspar von Cicignon frå Luxembourg for å laga ein ny plan for byen. Han braut heilt med den gamle bystrukturen frå mellomalderen og dreiv igjennom vide, rette gater for å hindra fleire slike storbrannar. Denne planen pregar fortsatt bybiletet. Dessverre var ikkje dette nok, husa var fortsatt av tre og tok like lett fyr. Ein ny brann i 1708 øydela heile sentrum i byen. Etter to storbrannar i 1841 og 1842 innførte bystyret murtvang, det vil seie at bygningane vart bygde i mur heller enn tre, og det vart slutt på store bybrannar.

[endre] Namn

Kaupang er eit gammalt namn på byen, men Nidaros er nok betre kjent. Dette norrøne namnet vart gjeve tilbake til byen 1. januar 1930, då han skifta namn frå Trondhjem. Etter ei bitter namnestrid vart han døypt om til Trondheim året etter. Mange innbyggjarar kallar han likevel fortsatt Trondhjem med lokal uttale.

[endre] Grenser

Opphavleg var Trondheim by området på byhalvøya, medan områda rundt høyrde til Strinda herad. Han vart utvida fleire gonger og fekk grensen han no har i 1964, då kommunane Strinda, Byneset, Leinstrand og Tiller blei slått saman til den nye kommunen Trondheim.

[endre] Utdanning

[endre] Videregående

Trondheim har i dag elleve videregåande skuler. Den mest kjende er Trondheim katedralskole, som blei stifta i 1053 og er den eldste skulen i Noreg.

[endre] Høgskule

[endre] Universitet

NTNU er Noregs nest største universitet med rundt 20 000 studentar. NTNU blei oppretta i 1996 som ei vidareføring av Universitetet i Trondheim (UNIT). UNIT blei til i 1968 ved at Norges tekniske høgskole (NTH), Vitenskapsmuseet (VM) og Norges lærerhøgskole (NLHT) vart slått saman.

[endre] Kjende personar frå Trondheim kommune

[endre] Verd å vitja

[endre] Museum

  • Trøndelag Folkemuseum (Sverresborg Museum)
  • Telemuseet
  • Sjøfartsmuseet
  • Vitenskapsmuseet
  • Rustkammeret
  • Ringve Museum
  • Norsk Rettsmuseum
  • Sporveismuseet
  • Nordenfjeldske kunstindustrimuseum
  • Det jødiske museet

[endre] Militære

Desse militæravdelingane finst i Trondheim:

  • Luftkrigsskolen
  • Sør-Trøndelag Heimevernsdistikt
  • Landsdelskommando Sør-Norge (skal leggjast ned)
  • Rustkammeret

[endre] Bakgrunnsstoff


Sør-Trøndelag
Agdenes | Bjugn | Frøya | Hemne | Hitra | Holtålen | Klæbu | Malvik | Meldal | Melhus | Midtre Gauldal | Oppdal | Orkdal | Osen | Rennebu | Rissa | Roan | Røros | Selbu | Skaun | Snillfjord | Trondheim | Tydal | Ørland | Åfjord


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -