See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
1968 - Wikipedia

1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mekiskanske studentar jublar rundt ein utbrent buss 28. juli 1968. Foto: Marcel·lí Perelló
Mekiskanske studentar jublar rundt ein utbrent buss 28. juli 1968.
Foto: Marcel·lí Perelló
Richard Nixon under valkampen til neste års presidentval, som han skulle vinna. Foto: Oliver F. Atkins
Richard Nixon under valkampen til neste års presidentval, som han skulle vinna.
Foto: Oliver F. Atkins
Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd. Foto: Lama Jey Tsong Kapa
Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd.
Foto: Lama Jey Tsong Kapa

1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon.

Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1]

Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.

USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2]

Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og skuffingar, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst fortsatt innan seinare politikk.[3],[4]

Innhaldsliste

[endre] Hendingar

Amerikanske soldatar  ved ein bunker under Operation Worth. I 1968 hadde USA gravd seg fast i Vietnam, og fleire tok til å tala mot krigen.
Amerikanske soldatar ved ein bunker under Operation Worth. I 1968 hadde USA gravd seg fast i Vietnam, og fleire tok til å tala mot krigen.

Pågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975).

[endre] Utlandet

  • 2. januar: Den sørafrikanske legen Christiaan Barnard utførte den første hjertetransplantasjonen der pasienten overlevde.
  • 5. januar: «Prahavåren»: Reformvennlege Alexander Dubček blei leiar for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia.
  • 15. januar: JordskjelvSicilia. 200 omkom, 42 000 blei huslause.
  • 21. januar:
    • Eit B-52 bombefly frå USA med fire hydrogenbomber ombord styrta under nødlanding ved Thule på Grønland.
    • Vietnamkrigen: Slaget ved Khe Sanh tok til. Det varte fram til 8. april, og er blitt sett på som byrjinga på Tet-offensiven.
  • 23. januar: USA sitt etterretningsskip USS Pueblo blei teke i arrest av den nord-koreanske marinen.
  • 25. januar: Den israelske undervassbåten INS Dakar sokk i Middelhavet og 69 drukna.
  • 30. januar: Vietnamkrigen: Tet-offensiven, den største offensiven frå Front National de Liberté i Vietnam så langt, tok til med åtak på 36 provinshovudstader og 64 lokale senter.
  • 31. januar:
    • Presidenten av Nauru, Hammer DeRoburt, erklærte sjølvstende frå Australia.
    • Vietnamkrigen: Tet-offensiven heldt fram med åtak på Saigon. Sentrale institusjonar som radiohuset, presidentpalasset og USA sin ambassad blei tekne av FNL.
  • 1. februar: Vietnamkrigen: Avrettinga av ein fanga FNL-offiser utført av ein sørvietnamesisk politisjef blei fotografert av Eddie Adams. Biletet blei verdskjend og bidrog til å svinga folkeopinionen mot Vietnamkrigen.
  • 6.-18. februar: Vinter-OL i Grenoble
  • 11. februar: Grenseslag mellom Israel og Jordan.
  • 8. mars: Studentar demonstrerte i Polen mot det kommunistiske styret i landet.
  • 12. mars: Den britiske kolonien Mauritius blei sjølvstendig republikk, men fortsette som medlem i Det britiske samveldet.
  • 16. mars: Vietnamkrigen: My Lai-massakren fann stad då soldatar frå USA drap og mishandla 347 sivile ved landsbyen My Lai i Vietnam.
  • 17. mars: Ein demonstrasjon mot vietnamkrigen i London blei valdeleg. 91 blei skada og 200 demonstrantar blei arresterte.
  • 19.-23. mars: Studentar ved Howard-universitetet i Washington, D.C. arrangerte demonstrasjonar, okkuperte administrasjonsbygget og stengde universitetet i fem dagar i protest mot Vietnamkrigen, tvangsrekruttering og mangelen på afrikanskretta pensum.
  • 22. mars: Den første studentaksjonen i Frankrike fann stad då åtte studentar, leia av Daniel Cohn-Bendit, okkuperte administrasjonskontora på Universitetet i Nanterre.
  • 2. april: Bomber plasserte av Andreas Baader og Gudrun Ensslin gjekk av ved midnatt i to stormagasin i Frankfurt-am-Main.
Øydeleggjingar etter opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen. Foto: Warren K. Leffler
Øydeleggjingar etter opptøy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.
Foto: Warren K. Leffler
Minnesmerke til slovakarar som blei drepne 21. august 1968.
Minnesmerke til slovakarar som blei drepne 21. august 1968.
Black Panther-helsinga
Black Panther-helsinga
  • 2. oktober: Fleire hundre meksikanske studentar blei drepne i tlatelolcomassakren, berre dagar før Sommar-OL 1968 tok til i Mexico by.
  • 3. oktober: Militærkupp i Peru.
  • 11. oktober:
    • Boris Martinez og Omar Torrijos avsette president Arnulfo Arias av Panama gjennom eit militærkupp.
    • Apollo 7, den første bemanna Apollo-ekspedisjonen, tok av.
  • 12. oktober: Ekvatorial-Guinea fekk sjølvstende.
  • 16. oktober:
    • Sommar-OL: Tommie Smith og John Carlos, afroamerikanske medaljevinnarar i 200-meter, reiste armane i ei black power- helsing medan dei stod på sigerspallen.
    • Folk i Kingston på Jamaica gjorde opprør mot at den guyanske aktivisten Walter Rodney var blitt utestengd frå landet.
  • 5. november: Luis A. Ferre blei vald til guvernør av Puerto Rico.
  • 24. desember: Romskipet Apollo 8 gjekk inn i bane rundt månen, og astronautane ombord blei dei først til å sjå baksida av månen.

[endre] Noreg

[endre] Født

Sjå òg Fødde i 1968.

[endre] Døde

Sjå òg Døde i 1968.

[endre] Skildringar av 1968

1968 er blitt skildra i ei rekke kulturelle verk, til dømes har forfattaren Milan Kundera og visediktaren Karel Kryl skrive om prahavåren. Skodespelet The Party av Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia.

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: 1968
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 1968

[endre] Galleri

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -