23. desember
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
23. desember er den 357. dagen i den gregorianske kalenderen (358. under skotår). Det er 8 dagar att av året.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
[endre] Fast religiøs helgedag
[endre] Primstaven
- Torlaksmesse eller tollesmesse etter Thorlakr helgi Thoralsson (1133-93), biskop i Skålholt på Island.
- I Trøndelag og Nordland også kalt Sjurdsmesse, opphav usikkert (Sigurd).
[endre] Namnedag
Noreg | Sigurd og Sjur |
Sverige | Adam |
Danmark | Torlacus |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
- Johannes av Kety
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 619: Utnemninga av pave Bonifatius V.
- 1909: Albert I blei konge av Belgia.
- 1911: Dumaen i Russland innførte forbod mot jakt på sobel for å sikra arten mot utrydding.
- 1947: Verdas første transistor blei vist frem ved Bell Laboratories.
- 1954: Den første nyretransplantasjonen blei utført i Boston i USA.
- 1979: Sovjetiske militærstyrker okkuperte den afghanske hovudstaden Kabul.
- 1990: Etter ei folkeavstemning bestemte Slovenia seg for å bryta ut av Jugoslavia.
[endre] Noreg
[endre] Fødde
- 1597: Martin Opitz, tysk diktar
- 1777: Tsar Aleksander I av Ryssland
- 1790: Jean-François Champollion, fransk egyptolog, omsette Rosettasteinen.
- 1805: Joseph Smith, amerikansk grunnnleggjar av mormonarkyrkja.
- 1933: Keisar Akihito av Japan
- 1942: Grynet Molvig, norsk skodespelar
- 1943: Silvia Renate Sommerlath, no dronning Silvia av Sverige
[endre] Døde
- 1834: Thomas Robert Malthus, britisk økonom
- 1980: Karl Dönitz, tysk storadmiral og president
- 1997: Toshiro Mifune, japansk skodespelar
- 2000: Victor Borge, dansk-amerikansk humorist og pianist
- 2004: P. V. Narasimha Rao, statsminister av India