Pianist
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pianist er ein person som spelar piano. Ein profesjonell pianist kan framføre solostykkjer, spele med eit orkester eller mindre musikalske samansetjingar (ofte referert til som kammermusikk), eller akkompagnere songarar eller soloinstrumentalistar.
Klassiske konsertpianistar startar vanlegvis å spele piano i svært ung alder, nokre så tidleg som i treårsalderen. Mange velkjende klassiske komponistar var også dyktige pianistar. Wolfgang Amadeus Mozart, Ludwig van Beethoven, Franz Liszt, Johannes Brahms, Frédéric Chopin, Edvard Grieg, Sergej Rakhmaninov og Geirr Tveitt var alle velrenommerte klaverspelarar. Dei fleste pianistar spesialiserer seg i større eller mindre grad i å spille verk av visse komponistar.
- Denne artikkelen bygger på «no:Pianist» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2008.