Lima
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lima er hovudstad og største by i Peru med 7,2 millionar innbyggjarar (2000, inkludert hamnebyen Callao). Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten.
Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Lima skal, ifølgje historia, ha vorte grunnlagt av Francisco Pizarro 6. januar 1535 og fekk derfor namn etter dei tre vise mennene: Ciudad de los Reyes eller Los Reyes. Nøye rekna synast grunnleggjinga å ha skjedd 12 dagar seinare, men plasseringa av byen vart bestemt 6. januar. Det kastillanske namnet på byen vart bruka i starten, men vart så erstatta med namnet «Lima», som somme trur er ei forvansking av namnet på elva Rímac. (Rímac kjem frå quechua og tyder 'pratsam'). I ein periode var begge namna i bruk på kart.
[endre] Geografi
I havet utanfor byen møtest varme og kalde havstraumar. Om vinteren gjev dette eit konstant disig vêr med høg luftfuktigheit og temperaturar ned mot 15-16 grader. Det regnar mesta aldri, men luftfuktigheita kan falle ut av lufta i form av noko som liknar regn («lluvisna» eller «garuba»). Mot slutten av året, når sommaren kjem, klårnar sikta og temperaturen i desember-februar ligg som oftast på 20-25 grader.
Eit sagn i Lima seier at dei invaderande spanjolane hadde spurt lokalbefolkninga kor den beste staden å bygge ein by var, og lokalbefolkninga hadde (som hemn) peika ut plassen der byen ligg. Mange ser på klimaet her som det verste i heile Peru; nokre mil sør for Lima er det mykje meir sol.
[endre] Kommunikasjonar
- Den internasjonale flyplassen Jorge Chávez
- Hamna i Callao
- Motorvegen Panamericana Sur og Panamericana Norte
[endre] Turistattraksjonar
- Plaza de Armas
- Catedral de Lima
- Palacio de Gobierno
- Hus frå kolonitida
- Puente de Piedra
- San Francisco de Asis
- San Pedro
- La Merced
- Convento de Santo Domingo
- San Agustin
- Monasterio de Santa Rosa de Lima
- Pachacamac
[endre] Museum
- Museo de la Nacion
- Museo Nacional de Arqueología, Antropología e Historía
- Museo de Oro
- Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera
- Museo Pedro de Osma
- Museo de Arte
[endre] Plassar å besøke
- Centrala Lima
- Miraflores
- San Isidro
- Barranco
- Costa Verde
[endre] Callao
I hamnebyen Callao ligg både ei stor hamn og flyplassen til Limas.
[endre] Andre historiske plassar
- Universidad Nacional Mayor de San Marcos grunlagt i 1551 og dermed det eldste universitetet i Amerika.
[endre] Folklore
- Señor de los Milagros
[endre] Mat
- Chifa blir kalt den peruvianske varianten av kinesisk matlaging.
[endre] Kjende personar
- Francisco Pizarro
- Santa Rosa de Lima
- San Martin de Porres
- Ricardo Palma