Yokohama
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yokohama (横浜市; -shi), residensstad i Kanagawa prefektur på øya Honshu i Japan. Byen hadde 3,6 millionar innbyggarar i 2005. Yokohama ligg ved Tokyobukta si vestra side, ca 25 km sør for sentrum av Tokyo, og er den nest største byen i Japan. Byen er ein del av Tokyoregionen og er saman med Kawasaki i nord og sentrum for Keihin, den viktigaste industriregionen i Japan. I byen finst det store stålverk, oljeraffineri, verft, bilindustri og ei omfattande tilverking av verktymaskinar. Yokohama har fleire universitet og ei rad høgskolar. Den største importhavna i Japan ligg i Yokohama. Kategori:Byar i Asia
Kategori:Japan