Trebbia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trebbia | ||
Utspring | Monte Prelà | |
- Høgd | 1 406 moh | |
Munning | Po | |
Land i nedslagsfelt | Italia | |
Lengd | 105 km | |
Middelvassføring | 40 m³/s | |
Nedslagsfelt | 1 150 km² |
Trebbia er ei elv i Liguria og Emilia Romagna i Italia. Ho er ei av dei fire viktigaste sideelvane til Po frå høgre. dei tre andre er Tanaro, Secchia og Panaro. Nedslagsfeltet dekkjer 1 150 km² og er delt mellom Emilia Romagna, Liguria og Lombardia. Dei største sideelvane er Aveto og Perino frå høgre og Boreca frå venstre.
Ho spring ut frå Dei liguriske Appenninane ved åsen Monte Prelà, sør for Monte Antola i kommunen Torriglia i provinsen Genova. Frå her renn ho nordaustover i 105 km før ho munnar ut i Po vest for Piacenza.
Dei største busetnadane elva renn igjennom før Piacenza er Ottone, Marsaglia (i kommunen Corte Brugnatella), Bobbio, Perino (ein del av Coli), Travo og Rivergaro.
Mellom kjelda og Bobbio renn elva gjennom Val Trebbia, som vert rekna for ein svært vakker dal som trekk til seg mange turistar. Elvedalen vidar seg så ut før ho endar opp på Posletta etter Rivergaro.
På austbreidda vart det utkjempa eit slag under den andre punarkrigen i 218 f.Kr., slaget ved Trebbia, der Hannibal slo ein romersk kosulhær.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trebbia frå Engelsk Wikipedia .