Panaro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panaro | ||
|
||
Utspring | Monte Rondinaio | |
- Høgd | 1 600 moh | |
Munning | Po nær Ferrara | |
Land i nedslagsfelt | Italia | |
Lengd | 148 km | |
Middelvassføring | 37 m³/s | |
Nedslagsfelt | 2 292 km² |
Panaro er ei elv i Emilia-Romagna i [[Italia] og ei av side siste sidelvane til Po frå høgre, om ein ser bort i frå kanalen Cavo Napoleonico. Ho renn nordaustover gjennom heile Emilia-Romagna frå kjelda nær vasskiljet i Appenninane og grensa til Toscana til munningen i Po ved grensa til Veneto.
Ho er 148 km lang med eit nedslagsfelt på 2 292 km².
Hovudkjelda hennar er Rio delle Tagliole ved Foce a Giovo i Monte Rondinaio, om lag 12 km sørvest for den høgaste toppen i Toscana og Emilia-Romagna, Monte Cimone (2 165 m). Ved Pievepelago (i provinsen Modena) endra ho namn til Scoltenna. Nær Modena møter ho Naviglio de Modena og vert framkommeleg fram til munningen i Po, like vest for Ferrara. Ho renn gjennom Vignola, Finale Emilia og Bondeno.
Ved Olina går det ei bru over elva som vart bygd i 1522. Ho ligg i kommunen Pavullo nel Frignano.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Panaro frå Engelsk Wikipedia .