Transkripsjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transkripsjon (frå latin trans-, kryssa, og scribere, skrive) er det å overføre meining til skrift. Ein kan til dømes transkribera tale til skrift, musikk til noter, tekst frå eit alfabet til eit anna, eller musikk for eitt musikkinstrument til noter for eit anna.
Innan genetikken blir omgrepet brukt om avlesinga av DNA til RNA ved hjelp av polymerase-enzym.