See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Svastika - Wikipedia

Svastika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Omgrep frå buddhismen, djainismen og hinduismen

Hakekrossen eller svastika er eit religiøst og politisk symbol det knytter seg mange kjensler til. Det er forma som eit plussteikn der kvar ende har ein strek som står i rett vinkel på han og går i same retning. Svastikaer kan òg vera meir avrunda, til og med som to S-ar som står rettvinkla på kvarandre. Det er òg vanleg å ha små prikkar inni kvart hjørne.

I Europa og USA forbind ein som regel hakekrossen med nazismen og særleg antisemittismen, fordi nazistane tok dette til sitt merke for å symbolisera at dei skulle bera "den ariske arva" vidare. I India og store delar av Asia er ulike variantar av svastikaen brukt som eit teikn for alt det gode: Gud, lykke, evig liv, eller sola. Symbolet har òg vore brukt i tidlegare samfunn i Egypt, Hellas og Mexico.

[endre] Historie

Ein buddhastatue med ein svastika på brystet
Ein buddhastatue med ein svastika på brystet

Svastikaen er eit eldgammalt symbol. Ein har funne fleire segl med svastikaer under utgravingar i Indusdalen, der ein kultur vaks til for fem tusen år sidan. Frå den vediske religionen spreidde det seg til hinduismen, og var lenge eit solsymbol. Sidan har det fått andre tolkingar; ein har mellom anna likna det med den stadig skiftande verda som går rundt eitt fast punkt – Gud eller brahman.

I alle land som er prega av indiske religionar er svastikaen blitt svært populær. I India finn ein det utanpå hus, som eit lykkesymbol, utanpå hindutempel, som eit symbol på religion, og på flagget til delstaten Maharashtra. I Vietnam blir det brukt for å symbolisera evig liv og i Japan bruker ein det på kart på same måte som ein bruker krossar i kristne land – for å visa kor der er tempel.



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -