See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Saroniabukta - Wikipedia

Saroniabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saroniabukta (gresk: Σαρωνικός κόλπος, Saronikós kólpos) eller Éjinabukta er ei bukt i Egearhavet i Hellas, som utgjer den vestlege sida til Korinteidet. Ho er den austlege grensa for Korintkanalen, som går gjennom eidet. Dei saroniske øyane som ligg midt i bukta er mellom anna Éjina, Salamis og Poros, i tillegg til mindre øyar som Patroklou og Vleves. Hamna Pireus, som òg er Athen si hamn, ligg i den nordaustlege enden av bukta. Strender utgjer mykje av kysten frå Poros til Epidauros, Galataki til Kineta, frå Megara til Eleusis og frå Pireus ned til Anavyssos. Athen sitt storbyområde ligg rundt den nordlege og austlege kysten av bukta.

Av vikar i bukta finn ein Phaleronbukta, Falirobukta nær Faliro (Phaleron) sørvest for Athen, Elefsinabukta i nord og Kechriesbukta i nordvest.

Vulkanane i Methana ligg i sørvest i lag med Kromyonia ved Korinteidet, Éjina og Poros. Methana er òg det yngste, aktive vulkansenteret og den nordvestlege enden av den kykladiske bogen av aktive vulkanar som øyane Milos, Santorini og Nisyros. Det siste utbrotet fann stad i ein undersjøisk vulkan nord for Methana på 1600-talet. Forkastingar dominerer særleg i den nordvestlege delen av bukta.

Nord i bukta ligg det fleire raffineri inkludert aust for Korint og vest for Agioi Theodoroi, Eleusis, Aspropyrgos, Skaramangas og Keratsini, hovudsakleg i den nordlege delen. Den totale produksjonen til desse er den høgaste i Hellas. Det meste av olja vert eksportert, og oljetankarane kryssar sundet mellom Salamis og Perama. Desse raffineria er dei største bidragsytarane til oljeproduksjon for Athen og resten av Hellas.

Namnet kjem frå den mytologiske kongen Saron, som drukna i innsjøen Psifaei (i dag kalla Psifta). Saroniabukta var ei av seks inngangar til dødsriket. Kvar av desse vart vokta av ktoniske fiendar i form av røvarar og bandittar.

Slaget ved Salamis endra utviklinga av Europa fram til i dag.

Innhaldsliste

[endre] Tilløp

  • Kechriesbukta
  • Det saroniske kystbassenget
    • Det nedre Galatakibassenget
    • Det øvre Galatakibassenget
    • Examiliabassenget
    • Athikiabassenget
  • Loutrobassenget
  • Megarabukta
  • Elva Kefissos på den eleusiske sletta
  • Elva Kefissos på den athenske sletta mellom Pireus og Phaliron.

[endre] Nes

  • Kapp Lomvardi - sørvest for Vouliagmeni

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde


Koordinatar: 37°40′57″N 23°36′00″E


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -