Dei saroniske øyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei saroniske øyane er ei øygruppe i Saroniabukta, like utafor det greske fastlandet. Dei største av dei busette øyane i gruppa er Salamis (der den gamle greske marinen slo persarane i slaget ved Salamis), Éjina, Angistri og Poros. Øyane Hydra og Dokos, som ligg utafor den nordaustlege enden av Peloponnes (teknisk sett mellom Saroniabukta og Argolikos Kolpos) vert stundom rekna som ein del av Dei saroniske øyane.
Mange grekarar frå fastlandet har feriehus på Dei saroniske øyane. Det går mange ferjesamband frå Pireus og Peloponnes.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Saronic Islands frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Éjina • Ýdra • Póros • Spetses • Angistri • Salamína • Psyttália • Leros Salaminos • Revythoussa • Moni Aiginas • Dokos • Spetsopoula • Romvi • Plateia • Psili • Agios Georgios • Patroklou • Fleves • Agios Georgios Salaminos • Ypsili Diaporion • Ypsili Argolidos • Agios Thomas Diaporion • Agios Ioannis Diaporion • Plateia Aiginis • Laoussesøyane • Kyra Aiginis • Trikeri Hydras • Alexandros Hydras • Stavronisi Hydras • Velopoula • Falkonera |