See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Póros - Wikipedia

Póros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Póros
Lokalt namn: Πόρος
Geografi
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°31′N 23°29′EKoordinatar: 37°31′N 23°29′E
Øygruppe Dei saroniske øyane
Areal 31 km²
Høgaste punkt Vigla (358 moh)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Prefektur
Attika
Pireus
Demografi
Folketal 4 348 (2001)
Folketettleik 88 /km²

Poros (gresk: Πόρος) er ei av Dei saroniske øyane i den sørlege delen av Saroniabukta i Hellas, 48 km sør for Pireus. Mellom øya og Peloponnes går det eit 200 meter breidt sund. Øya er ein del av prefekturet Pireus i periferien Attika. Ho har ei flatevidd på 31 km² og litt over 4 000 innbyggjarar. Det antikke namnet på Poros var Pogon.

Poros består av to øyar: Sphairia eller Sferia, den sørlege delen, som har vulkansk opphav, der byen i dag ligg, og Kalaureia, Kalavria eller Calauria (som tyder «lett bris»), den nordlegaste og største delen. Ei bru går mellom dei to øyane.

Poros er ei øy med rik vegetasjon. Mykje av den nordlege og dei austlegaste og vestlegaste sidene av øya er buskete, medan ein finn store område med gamal furuskog i sør og på midten av øya. Han har eit bra vegnettverk og tilstrekkeleg turistinfrastruktur, noko som gjer ho til ein populær feriestad. Ho har ingen flyplass, men ein kan lett kome hit med båt frå Athen.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Landskapet er svært åslendt og kupert. Den høgaste toppen er Vigla (358 m) vest i dei sentrale områda. Småelvar og periodiske bekkar renn gjennom dei bratta dalane i sør og nordaust. Dei vestlege og nordlege områda av øya har meir jamna åsar og grunnare dalar. Sandstrender finn ein hovudsakleg i sør, bortsett frå ei bukt i nord kalla Vayionia.

Øya Poros
Øya Poros

[endre] Historie

Nylege studiar har vist at Poros har vore busett sidan bronsealderen. Graver på øya er vorte datert til mykensk periode, og det har stått bygningar her sidan minst år 1000 fvt.

Den antikke polisen Kalaureia var heim til eit asyl tileigna Poseidon, og ein kan framleis sjå ruinane av dette på ein åstopp over byen.

Historikarar frå antikken hevda at Poros var heimstad for eit amfiktyoni i den arkaiske perioden, eit forbund av polisane Poros, Athen, Prassiai, Éjina, Epidauros, Ermioni, Troizene, Nauplion og Orchomenos. Det er derimot lite bevis for dette, og moderne forskarar meiner at amifktyoniet kan ha vore ei hellenistisk oppfinning.

I tida under Austromarriket vart Poros og dei andre øyane ofte plyndra av sjørøvarar.

Under den osmanske okkupasjonen vart Poros verande sjølvstendig, og hjalp naboøyane etter starten på den greske sjølvstendekrigen

Poros vart hardt råka av ein skogbrann i den sørvestlege delen av den store øya 26. juni 2007, som òg øydela fleire hus og bygningar. Årsaka til brannen var den krafite hetebølgja som råka Søraust-Europa på den tida med temperaturar så høge som 45 ºC.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Póros

[endre] Kjelde


Dei saroniske øyane

Éjina • Ýdra • Póros • Spetses • Angistri • Salamína • Psyttália • Leros Salaminos • Revythoussa • Moni Aiginas • Dokos • Spetsopoula • Romvi • Plateia • Psili • Agios Georgios • Patroklou • Fleves • Agios Georgios Salaminos • Ypsili Diaporion • Ypsili Argolidos • Agios Thomas Diaporion • Agios Ioannis Diaporion • Plateia Aiginis • Laoussesøyane • Kyra Aiginis • Trikeri Hydras • Alexandros Hydras • Stavronisi Hydras • Velopoula • Falkonera


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -