Forkasting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forkasting er ei brotlinje mellom geologiske lag. Me kan sjå forkastingar som detaljar i ein vegskjæring eller i store strukturar som Oslofjorden. Forkastinga oppstår når spenninga i jordskorpa blir så stor at delar av han får rørsler i høve til andre. Rørslene kan vera loddrette, vassrette eller på skrå immellom lodd- og vassrett.
Forkastingane kan skje langs meir eller mindre parallelle liner. Då kan området mellom linene bli liggande høgare eller lågare enn landet omkring. Det blir då kalla horst eller graben.