Graben
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graben (frå tysk: «grav») er innan geologi ei innsynking mellom to forkastingar i jordskorpa. Ein graben oppstår når eit kontinent sprikk opp, som til dømes i Riftdalen i Aust-Afrika. Oslo-området ligg i ein graben frå permtida. Geologane kallar dette området Oslofeltet eller Oslo graben. Det er òg ein graben i Nordsjøen, som vert kalla Viking graben.
Oslofjorden mellom Slemmestad og Nesodden er òg ein graben.