Korinteidet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korinteidet er eit smalt eid mellom halvøya Peloponnes og fastlandet i Hellas, nær byen Korint. Vest for eidet ligg Korintbukta, medan Saroniabukta ligg i aust. Sidan 1893 har Korintkanalen med ei lengd på 6,3 km gått gjennom eidet og i praksis gjort Peloponnes om til ei øy.
Planar om ein vassveg gjennom eidet, så skip slapp å segle rundt heile Peloponnes, har eksistert sidan antikken. Det første forsøket på å byggje ein kanal vart utført av tyrannen Periander på 600-talet fvt. Dette var derimot så teknisk vanskeleg at han i staden konstruerte ein rampe av stein på land, kalla Diolkos, der båtane vart dradd over. Restane av Diolkos ligg i dag ved sida av den moderne kanalen.
Då Den romerske republikken, og seinare Romarriket, tok kontroll over Hellas, vart det prøvd fleire løysingar. Det vart igjen gjort forsøk på å grave seg gjennom, men óg desse gongane vart det stogga.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Isthmus of Corinth frå Engelsk Wikipedia .