See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Samfundspartiet - Wikipedia

Samfundspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala[1]. Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.

Innhaldsliste

[endre] Framvekst i krisetid

Partiet vaks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida. Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det einaste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med "mangelfullt utviklede sjelsevner", og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolket og tatarar.

Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Samfundspartiet stilte til val for siste gong i 1949.

[endre] Oppslutning ved Stortingsval

Samfundspartiet stilte til val ved tre stortigsval i tida 1933-46, og oppnådde følgjande resultat:

  • 1933: 1,5 %; 1 stortingsrepresentant frå Bergen
  • 1936: 3,1 %; 1 stortingsrepresentant frå Nordland
  • 1945: partiet stilte ikkje lister
  • 1949: 0,7 %; partiet vart ikkje representert på Stortinget

Ingen stad fekk Samfundspartiet større oppslutning enn i Velfjord kommune i Nordland[2].

  • 1933: 0,2 %
  • 1936: 42,0 %
  • 1945: partiet stilte ikkje liste; valdeltakinga i kommunen sank til 40,7%, mot 70,0% ved valet i 1936
  • 1949: 40,2 %

[endre] På verdsveven

[endre] Referansar

  1. http://www.nlh.no/ios/Seminar/2000/s-03-24.html Henimot nullpris! Foredrag om Samfundspartiet sin økonomiske politikk
  2. Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1

[endre] Sjå òg


Tidlegare politiske parti i Noreg:
Anders Langes parti | Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Bondepartiet | Centrum | De Conservative Foreningers Centralstyre | Demokratiske Sosialistar | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Folkeparti | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg | Politiske rørsler i Noreg
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -