Velfjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velfjord er ei bygd i Brønnøy kommune.
Velfjorden var tidlegare ein kommune i Nordland fylke, frådelt Brønnøy kommune 1. oktober 1875. Kommunen hadde ved etableringen 1 162 innbyggarar. 1. januar 1964 vart Velfjord, som da hadde 1 380 innbyggere, slått sammen med Brønnøy, Brønnøysund og Sømna samt deler av Bindal kommunar til den nye Brønnøy kommune. 1. januar 1977 vart Brønnøy kommune delt i Sømna og Brønnøy kommunar.
Kommunen markerte seg ved stor oppslutning rundt alternative politiske strøymingar. Ved stortingsvala i 1936 og 1949 fekk Samfundspartiet 42,0 % og 40,2 % av røystene i kommunen. På 1950-talet markerte området seg med uvanleg mange militærnektarar, og mange velfjordingar vart døymde til fengsel på grunn av militærnekting. Ved stortingsvalet i 1961 nådde Sosialistisk Folkeparti 46,9 %[1].
Velfjord utgjer saman med Tosen eit sokn i Sør-Helgeland prosti.
Bygda har namn etter fjorden, som ligg nord for bygdesenteret Hommelstø.
[endre] Referansar
- ↑ Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1