Økologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Økologi er vitskapleg studie av levande organismar, med hovudvekt på samspelet mellom desse og miljøet rundt dei. Omgrepet vart introdusert av den tyske biologen og filosofen Ernst Haeckel (1834–1919) på midten av 1800-talet og er avleia av dei greske orda oikos (hus, heim, hushald) og logos (ord, lære).
Økologi og biologi har nært slektskap, men det tangerast og mot andre vitskaplege felt, slik som kjemi, fysikk, geologi, geografi og samfunnsvitskap.
I daglegtale brukast ofte økologi med andre eller avleia tydingar enn den reint vitskaplege. Omgrepet økologisk blir gjerne brukt synonymt med naturleg, miljøvenleg, berekraftig.
Biologi |
---|
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | opphavet til livet | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi |