Politisk Alternativ Hordaland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politisk Alternativ Hordaland var ei liste som stilte til val i Hordaland ved stortingsvalet 1993. Toppkandidat var Ivar Garberg, som dreiv valkamp gjennom nærradiostasjonen sin, Radio Bergen. På denne radiostasjonen hadde Garberg lenge markert seg som ein ukonvensjonell programleiar, som kom med harde utfall mot mellom anna etablerte politikarar og gjeldande innvandringspolitikk.
Lista Politisk Alternativ Hordaland fekk 3 271 røyster, eller 1,4 % av røystene i Hordaland, og vart dermed ikkje representert på Stortinget.