See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pulque - Wikipedia

Pulque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pulque er ein tradisjonell alkoholisk drikk frå aztekartida, som enno er drukke i nokre delar av Mexico. Tequila har utvikla seg frå pulque.

Innhaldsliste

[endre] Pulqueproduksjon

Pulque er laga frå sevja til maguey-planten (Agave americana). Når denne planten vert mellom sju og ti år gammal veks ein ny blomestilk frå planten sin topp, som veks fort og kan bli sju meter lang i løpet av mindre enn to månadar. Før han kan veksa blir toppen til planten skoren vekk. Etter 4 eller 6 månadar blir eit arr til på kuttet. Ein tappar sevja frå dette arret over to månadar.

Sevja er lagd inn i store eiketønner for å gjæra. Etter sju eller ti dagar er pulquen klar til å drikkast. Mykje overtru knyttar seg til lagingar av pulque. Kvinner må ikkje koma inn i romet der sevja ligg, fisk må ikkje spisast der, og ein som kom inn med ein hatt på hovudet må fylla hatten med pulque og drikka han i ein slurk.

Pulque blir ikkje destillert, og må derfor bli teken til marknaden svært snart så at han ikkje blir for gjæra før han kan bli drukken.

[endre] Opphav og utvikling

Legenden om opphavet til pulque seier at ein gong blei ein maguey-plante slått av lynnedslag som kløyvde planten og fekk sevja til å koka. Aztekarane tok det som ei bodskap frå gudane og byrja å bruka pulque i mange religøse riter. Det var ei som heitte Mayahuel som fann opp korleis ein kunne samla sevja frå planten, og ein som heitte Pantecatl som oppfann gjæringsprosessen. Aztekarane samla pulque på Pozonalteptl ("skumfjellet"). Når nok pulque vart samla blei alle hovudingane og dei eldre bedd dit for å dyrka gudane. Kvar av dei drakk fire kar fylt med pulque i denne rita.

Pulque-drikking var avgrensa i aztekartida. Det var berre lov for folk over 70 år gammal, kanskje den høgaste aldersgrensa for alkohol i heile verdas historia. Folk flest kunne berre drikka pulque i religiøse ritar. [[Straff]a for ulovleg drikking var svært sterk. Ein av folket som gjore det vart barbert og slått den første gongen, og fekk daudstraff den andre gongen. Ein adeleg som drakk ulovleg eller blei for full vart slått til han døydde.

Spanjolane hadde ikkje noko lov om pulque, og folk drakk så mykje at det blei eit stort problem. I 1672 kunngjorde staten nye, strenge reglar om pulque, som sette tak på kor mange folk kunne selja pulque i eit område og gjorde det forbode for pulqueseljarane å gje kreditt eller å ta varer i staden for pengar.

I den tida blei pulque stigmatisert og sett på som ein drikk for dei fattige og fortapte. Den har enno lågare status enn andre drikkar. Ein som vil kjøpa det må vanlegvis dra til ein pulqueria. Dei fleste pulqueriane er berre for menn, men nokre få i dei store byane slepp også kvinner inn.

[endre] Pulque, mescal, og tequila

Pulque var ikkje sterk nok for dei fleste spanjolane, og dei byrja å prøva å destillera det for å få sterkare drikkar. Dei hakka og koka maguey-planten, og pressa han til dei fekk jus frå han. Jusen blei gjæra i nokre dagar og destillert etterpå. Drikken som dei fekk frå denne prosessen heitte mescal. Over tid blei mescal meir populær enn pulque, fordi han kunne bli lagra og transportert. Mescal frå nokre områda er laga med spesielle oppskrifter. Den best kjende av dei er tequila, ein mescal frå Tequila-området.

Spanjolane brukte kuhorn for å drikka mescal. Ein trur at det er derfor at mescal og tequila enno blir servert i høge og tronge glass.

[endre] Notida og framtida

På 1800-talet var pulque enno svært populær og det fanst mange maguey-plantasjonar i Mexico. Men med straum og kjøleskap blei det mogleg å frakta øl og andre europeiske drikkar til nesten alle delar av Mexico. No blei pulque skada av den lågare statusen sin. Mange slutta å drikka han, og mange som dyrka maguey-planten slutta med det. I 1970-talet hadde pulquesalget i Mexico blitt så lågt at mindre enn 10% av alkoholen selt i landet var pulque.

Sidan den tida har utsynet for pulque blitt litt betre. Pulque er enno populær på landsbygda, og mange mexicanarar ser på han som ein viktig del av mexicansk tradisjon og kultur. Eit selskap har byrja å laga ein pasteurisert pulque som er pakka i kannar og blir selt i byar. Nokre folk snakkar også om å eksportera pulque til USA, der dei trur det kan vera stor etterspurnad for han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -