Sider
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sider er ein epledrikk eller -vin som gjerne blir laga i område der ein dyrker mykje eple. Nordvest-Frankrike, Nord-Spania, delar av Storbritannia, Nord-Amerika og Tyskland har særleg lange sidertradisjonar. Her har ein dyrka fram eplesortar som er særs egna for siderproduksjon. Namnet sider kjem frå det hebraiske ordet sjekar, som tyder sterk drikk.
Alkoholinnhaldet i sider kan vera frå null i ugjæra typar og opptil 8% i typar som har gjæra ved høg temperatur. Det er vanleg å halda temperaturen mellom 4 og 16C for å få til ein sein gjæringsprosess som framhevar den rike eplesmaken.
Ved å destillera sider kan ein laga eplebrennevin, som calvados eller applejack. Den franske drikken pommeau er ei blanding av sider og calvados som blir drukke som aperitiff.
Ein kan òg laga sideraktige drikkar av andre fruktsortar, som pære og fersken.
[endre] Fransk sider
I Frankrike var sider, cidre, den viktigaste drikken etter vin fram til midten av 1900-talet, då øl tok over utanfor kjerneområda. Sidrane som blir laga i Bretagne og Normandie er verna under merket om geografisk opphav. I tillegg til å drikka han, gjerne frå tradisjonelle keramikkoppar, bruker ein mykje sider i normannisk matlaging.
[endre] Spansk sider
I Asturias og Baskarland i Spania er sidra ein tradisjonell drikk som gjerne blir helt oppi små glas med ei armlengds avstand til flaska. Dette gjer at drikken inneheld mykje luft, slik at han ei kort tid boblar slik som champagne.
[endre] Norsk sider
I Noreg er det også store tradisjonar for å produsera sider. Det finns mange forskjellige eplesortar ein lagar sider på. Nokre sortar er bedre enn andre, t.d. Aroma, Gravenstein og Torstein. I Hardanger finnst det mange bønder som lagar sider til eige bruk. Nokre bønder har også lisens til å selja sider til gårdsmat. Det er berre ein norsk sider som blir selt på Vinmonopolet, den er basert på lokal tradisjon frå Hardanger.
|
|
---|---|
Alkohol | Etanol • Historie • Helse • Alkoholreklame • Drikkekultur • Drukkenskap • Fyllekjøring • Bakrus |
Produksjon | Brygging • Heimebrygging • Vinlaging • Heimebrenning |
Gjæra drykk | Øl (ale, mais, rug, kveite) — Vin (frukt, plomme, pressrestar) — Sider (Eplevin) — Andre: Basi • Choujiu • Huangjiu • Kumys • Makkeolli • Mjød • Pæresider • Pulque • Sahti • Sake • Sonti • Tuak • Gouqi jiu |
Brennevin | Agave: Tequila • Mezcal — Anis: Absint • Arak • Ouzo • Raki • Pastis • Sambuca — Bygg: Skotsk whisky • Irsk whiskey — Durra: Baijiu (Kaoliang) — Egg: Advocaat — Eple: Applejack • Calvados — Frukt: Brandy • Konjakk • Gin • Kirschwasser • Pisco • Rakia • Snaps • Pálinka — Honning: Bärenfang • Krupnik — Kokosnøtt: Arrak — Mais: Bourbonwhiskey • Cornwhiskey • Tennesseewhiskey — Mandel: Amaretto — Plomme: Slivovits • Ţuică — Potet: Vodka • Akevitt • Brennivín — Pressrestar: Grappa • Orujo • Zivania • Tsikoudia • Tsipouro • Rakia — Ris: Ris-baijiu • Soju — Rug: Ryewhiskey — Sukkerør/Melasse: Rom • Cachaça • Aguardiente • Falernum • Guaro — Andre: Shōchū • Kanadisk whisky • Jenever |
Blanda drykk | Rusbrus • Øl-cocktail • Cocktail• Flammande cocktail • Shot • Vin-cocktail • Alkoholfri cocktail |